DEL

Tvedestrand kommune vil opprette soner i skjergarden for å verne torsk, hummar og østers. Fiskeridirektoratet sender no ut eit forslag til forskrift om bevaringssoner i kommunen sitt sjøområde. Høyringsfrist er 30. mars 2012.


( 31.01.2012 )

[raw]

Tvedestrand kommune har sidan 2009 arbeidt med prosjektet «Aktiv forvalting av marine verdiar i kystsona», og kommunestyret vedtok 18. oktober 2011 å opprette soner i skjergarden for å verne torsk, hummar og østers.

 
Kommunen ynskjer òg å ta omsyn til bevaringssonene når kommuneplanen i løpet av 2012 skal rullerast. Det vil seie at bevaringssonene skal angjevast som eigne arealformål eller som omsynssoner med tilhøyrande bestemmingar.

 
I forkant har forslaget vore handsama i kommunen gjennom folkemøte, skriftleg høring, brukarundersøking og eigne møte med det lokale fiskarlaget.
 

Fiskeri- og kystdepartementet kan vedta forskrifter for å gjennomføre vedtaka i kommunestyret. Tvedestrand kommune oversende difor vedtaket sitt til Fiskeridirektoratet 27. oktober.
 

Sendinga frå kommunen inneheld berre vedtaka til kommunestyret og gir ingen informasjon om kva for innspel som er framsett forut for vedtaka i kommunen. Forslaget som no vert sendt på høyring er heilt basert på vedtaka i kommunestyret.

 
Prosjektet er det første av sitt slag og Fiskeridirektoratet ynskjer at høyringsinstansane òg vurderer prosessen forut for vedtaka i kommunen.
 

[/raw]

DEL
Forrige artikkelEn svart dag for Måløy
Neste artikkelEventyrlig NVG-fiske

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.