Ulstein lanserer ein ny serie med fisketrålarar med framtidsretta skipsløysingar for meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering. Ved å overføre kunnskap, erfaring og innovasjonskraft frå offshore til fiskeri ønskjer ein å bidra til å utvikle nye løysingar. Målet er blant anna meir skånsam handtering av fisken og introduksjon av miljøsparande skipsløysingar.


( 24.08.2018 )

Ulstein Group har lang tradisjon for å samarbeide med ulike miljø for å utvikle nye og innovative skipsdesign og løysingar. På dette prosjektet har Ulstein samarbeida tett med Nordic wildfish, eit reiarlag som har like lang fartstid som Ulstein, etablert i 1917.

Serien er basert på erfaringar hausta gjennom feltstudiar og avanserte analysar. Dei unike designa, med optimale kapasitetar i forhold til kvotar for effektivt og lønsamt fiskeri, vil gje betydeleg forbetra verktøy for trålfiske.

– Nordic wildfish har solid erfaring med trålfiske og utprøving av nye metodar for fiskeri og marknad. Vi har begge tradisjon for å tenke nytt og utfordre det eksisterande. Gjennom dette prosjektet har vi saman utvikla betre og meir framtidsretta løysingar for kvalitet og berekraft i trålfiske, fortel Tore Ulstein, COO i Ulstein Design & Solutions og styreleiar i Ulstein Group.

– Vi er ferd med å realisere visjonane og løysningane vi har jobba målretta med under arbeidsnamnet EcoFive® (Eco-friendly fishing vessel). Ulstein sin trålarserie vil vere tilrettelagt for å implementere løysningar for skånsam fangst, effektiv prosessering og hydrolysering av ferske restråstoff. Dette vil gje betydeleg auka berekraft i trålfiske, med betre kvalitet, høgare effektivitet, meir inntening og mindre miljøavtrykk, seier CEO i Nordic wildfish, Tore Roaldsnes.

X-BOW®-plattform for kyst og hav

Trålarserien vil famne både kyst og hav og vil nytte Ulstein sin X-BOW®-plattform. Med X-BOW endrast den tradisjonelle utforminga av arrangementet på trålfartøy og opnar for betre plassering av mannskap, fabrikk og last. Fabrikken vert plassert over to dekk og all lugarkapasitet vert samla sentralt i skipet. På grunn av X-BOW-skroglinja får ein utnytte forskipet meir effektivt. Skip med X-BOW har også mindre vibrasjonar og stamperørsle, dette betrar arbeidsmiljøet om bord og reduserer støy i sjøen.

Driftssikre og miljøsparande løysingar

Ulstein har også implementert det siste innan teknologi som betrar yting og reduserer miljøbelastninga. Skipa i serien har eit effektivt hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift. Dette vil gjere fartøya svært drivstoffgjerrige, og meir stillegåande, slik at dei vil tilfredsstille krava i DNV-GL sin SILENT-notasjon.

Skrogforma X-BOW aukar lastkapasitet, operabilitet, minskar bevegelsar og reduserer dermed slitasje på skrog og utstyr, samt at den reduserer forbruk av drivstoff.

Om selskapa:

Nordic wildfish har hovudkontor på Valderøya. Selskapet er ein innovatør i fiskeindustrien, og er fokusert på berekraftig fangst og miljøvenleg produksjon.

Ulstein Group har hovudkontor i Ulsteinvik, og har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden.