DEL

– Eg er glad for at vi har fått kvoteavtalen med Færøyene for 2010 på plass, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Ho understrekar at den auka overføringa av norsk kolmulekvote i færøysona er særleg viktig for norsk fiskerinæring, saman med at det framleis skal vere eit høgt nivå på botnfisk.


( 15.01.2010 )

[raw]

Den norske botnfiskkvoten i færøysk sone held seg på eit relativt stabilt nivå samanlikna med avtalen i 2009. Dei norske kvotane i færøysk sone i 2010 er: lange/blålange 2425 tonn, brosme 1774 tonn, sei 101 tonn, og andre artar 855 tonn.

 

Den færøyske kvoten på torsk i Barentshavet er auka med 293 tonn til 2244 tonn i 2010. Kvoten på hyse går opp med 121 tonn til 1581 tonn, medan kvoten på sei vart redusert til 1.125 tonn kommande år.

 

Den norske kvoten på kolmule i færøysk sone vart auka med 15 % til 12995 tonn i 2010. Færøyene sin kvote på hestmakrell er sett til 200 tonn. Den norske kvoten på hestmakrell vart sett til 50 tonn. Begge samsvarar med tala frå i fjor.

 

Partane er einige om å fortsette samarbeidet om makrell, og ser fram til at det kan bli etablert ein kyststatsavtale om makrell i 2010.

 

Elles vart partane einige om å legge vekt på eit betre og meir effektivt samarbeid når det kjem til tekniske reguleringar, blant anna ved å avtale eit møte tidleg i første kvartal av 2010 for å diskutere stuingsplanar, kontrollpunkt, elektronisk fangstdagbok og andre aktuelle problemstillingar.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.