Havforskingsinstituttet tilrår eit fiske på maksimalt 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og nullfiske i Nordfjord i 2021.

Forskarane kjem med eit eige råd for Trondheimsfjorden i november. Råda bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet. (Sjå faktaboks om toktet.)

Har vore god rekruttering i Hardanger og Sogn

– I år såg vi mykje eittårig brisling i både Hardangerfjorden og Sognefjorden, men mykje av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter. Kvoteråda våre her er basert på medianfangsten i perioden 2002-2016, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme. Råda blir dermed like som i fjor.

Men mindre i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane lite brisling på toktet. Dessutan var det to år gammal brisling som dominerte.

– Brislingen er ein kortlivd art som berre blir 3-4 år. Dette gjer at eit godt eller dårleg år med rekruttering kan føre til at bestanden svingar monaleg. Eittåringane skal helst vere meir talrike enn dei eldre fiskane, seier Kvamme.

– Med andre ord har det truleg vore dårleg rekruttering i Nordfjord i fjor, seier ho.

At det i tillegg blei fiska 25 tonn meir enn fjorårets kvote på 80 tonn, gjer at forskarane ikkje tilrår brislingfiske i Nordfjord.

Les det tekniske kvoterådet frå HI til Fiskeridirektoratet.

Råd for Trondheimsfjorden kjem

Seinare i haust skal forskarane måle brislingen i Trondheimsfjorden som del av kystressurstoktet.

Dermed får dei nok år med overvaking bak seg til å kunne seie kor mykje det vil vere forsvarleg å fiske der.

Forskarane rår også til at det blir innført avgrensingar dersom det skulle oppstå store fiskeri i andre fjordar – altså fjordar som ikkje er dekka av overvakinga til HI.

Held fram med kajakkforsking

Som i fjor hadde forskarane med seg den HI-bygde kajakkdronen på tokt. Den kan sjå brisling som står grunnare og nærare land enn forskningtfartøyet «Kristine Bonnevie» kan.

– Også i år såg kajakkdronen brisling som vi ikkje kunne sett med ekkoloddet om bord på skipet, seier Cecilie Kvamme.

Årets forsøk tyder på at kor mykje brisling som står høgt i vannsøyla, varierer mellom både område og år. Desse resultata kjem vi tilbake til i ein eigen rapport.