DEL

-Merkeordningar på matvarer og sjømat i butikkane bør vere vegleiande for forbrukarane. Derfor er det nyttig med undersøkingar som kan hjelpe oss med å legge til rette for at slike merke blir eit godt hjelpemiddel for forbrukarane i ein travel kvardag, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. 


( 17.03.2011 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, finansiert ei undersøking for å få betre innblikk i korleis forbrukarane opplever mangfaldet av merke på varer i butikkane – det somme kallar ”merkejungelen”.

 

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) slår i undersøkinga fast at det er eit mangfald av merke i butikkhyller og diskar. Dei ser også at forbrukarane nyttar to ulike taktikkar når dei manøvrerer i merkemangfaldet. Enten vel dei seg merke på sine interesseområde, eller så vel dei å ikkje legge vekt på merke i det heile. Undersøkinga viser også at forbrukarane ikkje vil vere utan mangfaldet, men meiner at nokon bør ta ansvaret for å informere betre om kva merka betyr.

 

SIFO-rapporten følgjer opp to oppdrag Stortinget har gitt regjeringa om å rydde opp i reglane for matmerking og å lage ei oversikt over alle offisielle forbrukarretta merkeordningar. Regjeringa vil arbeide vidare med dette, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.