DEL

Av dei 263 kommunane som har kystline er det berre 11 som per 31. desember 2010 ikkje har ein kystsoneplan, melder Fiskeridirektoratet.


( 12.04.2011 )

[raw]

Dette er seksjonssjef ved planseksjonen i Fiskeridirektoratet, Ragnar Sandbæk, stor sett fornøgd med.

 

– I denne undersøkinga har vi gått meir spissa til verks for å få eit betre bilete av plansituasjonen i kystkommunane. Vi har bedt om å få opplysingar om planperiode og kva tid eksisterande plan vart revidert sist, fortel Sandbæk.

 

Det er stort sett kommunar med lite sjøareal og som ligg langt inne fjordar som ikkje har kystsoneplanar. Om lag 70 av dei 263 har kystsoneplanar som er gått ut på dato eller er modne for revisjon.

 

I Trøndelagsfylka, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oslo og Akershus har alle kystkommunane kystsoneplanar. I Finnmark, Troms, Nordland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Vestfold og Østfold er det ein kommune i kvart fylke som manglar plan. Men i Møre og Romsdal er det seks kommunar som ikkje har kystsoneplan.

 

– Kystsoneplanar er viktige for å kunne minske interessekonfliktar i ei kystsone som vert meir og meir fortetta. Fleire og fleire melder si interesse for bruk av kystsona, og vi ser ein auke i innseiingssaker, seier Sandbæk.

 

Kystsona er til dømes ynskt brukt til både turisme og utbygging av marinare og småbåthamner. Dette kjem ofte i konflikt med kaste- og låssettingsplassar for fiske. I slike saker er det auka mengde innseiingssaker. Andre interessekonfliktar kan vere mellom fiske og akvakultur og mellom akvakultur og verneområde.

 

– For å skape framsynt planlegging med førehandskjende vilkår er det viktig at kommunane sorterer sitt kystareal på land og sjå, slik at ein i størst mulig grad kan minske interessekonfliktane, avsluttar Sandbæk.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.