DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2010. Den norske totalkvoten er på 135 297 tonn.


( 16.12.2009 )

[raw]

Det er avsett eit kvantum på 2360 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og 1500 tonn kolmule til å dekkje bifangst i andre fiskeri før fordeling på fartøygruppene.

 

Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 98 854 tonn kolmule. 17 652 tonn av dette kan fiskast i færøysk farvatn. Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar.

 

Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan fiske og lande inntil 32 583 tonn kolmule. 4953 tonn av dette kan fiskast i færøysk farvatn. Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar.

 

Frå 1. januar vert det innført krav om sorteringsrist i fisket etter kolmule. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette kravet for fartøy som ikkje har høve til å nytte rist og kan dokumentere at konsumfisk vert tatt vare på.

 

Det er enno ikkje fastsett kvote for fiske i EU-sona.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.