Skrei, tang, kval og tørrfisk står på menyen når fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen besøker Leknes torsdag og Svolvær fredag.

– Det er skreisesong, og då er Lofoten staden å være. Eg ser fram til å møte næringa langs kysten og til å feire nasjonalfisken vår, seier Sivertsen.

Fiskeriog sjømatministeren startar torsdagen på Lofotprodukter, ein del av Insula-konsernet som satsar på foredling av sjømat av høg kvalitet, før han skal besøke den lokale gründerbedrifta Lofoten Seaweed, som lager produkt av tang og tare. Om kvelden skal han halde innlegg og delta på NHO Nordlands skreimølje.

Fredag går turen først til den familieeigde bedrifta Ellingsen Seafood på øya Skrova, som driv med lakseoppdrett, kval og tørrfisk, og vidare til forskingsog rådgivingsbedrifta Salt.

– Denne regionen har livnæra seg av havet i mange hundre år. Breidda av desse verksemdene visar korleis tradisjonane både blir tatt vare på og utvikla vidare, seier fiskeriog sjømatministeren.

Program

Torsdag 20. februar

11.45 Besøk på Lofotprodukter

13.15 Besøk på Lofoten Seaweed

18.00 NHO Nordlands skreimølje

Fredag 21. februar

09.30 Besøk på Ellingsen Seafood på Skrova (avreise frå Svolvær 08.30)

12.00 Besøk på Salt