Cetus AS kontraherer kombinert snurper / tråler frå Fitjar Mek. Verksted AS.


( 06.12.2018 )

Det blir meir lokalt samarbeid når Fitjar Mek. Verksted AS og Salt Ship Design AS igjen samarbeider om ny fiskebåt til rederiet Cetus AS frå Karmøy som i dag har kontrahert ein 65 m topp moderne kombinert pelagisk snurper/tråler frå verftet på Fitjar.
Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter tett og godt samarbeid med rederiet, og dette er andre gong på mindre enn to år Cetus AS bestiller fiskefartøy med Salt-design som skal byggjast ved Fitjar Mek. AS.

Det svært miljøvennlige, effektive og moderne fiskefartøyet blir 65 meter langt, får bredde på 14 meter, og skal utrustast som kombinert snurper/tråler.

I tillegg til at båten er designa og skal byggjast lokalt, er det mange lokale leverandører som skal levere utstyr og tjenester til nye «Vikingbank». Rederiet vil òg framheve sitt gode samarbeid med DnB. Nye «Vikingbank» skal overleverast rederiet i september 2020.

-Me er svært nøgd med igjen å få tilliten, og ser fram til å fortsette det gode samarbeidet med Salt og Cetus. Dette er ein viktig kontrakt for FMV og våre tilsette. Med FMV46 «Vikingbank» har me ein nybyggingshorisont på knappe 2 år beståande av 10 ulike fartøy. Det gir stor regional verdiskaping og trygge arbeidsplassar», seier ein fornøgd verftsdirektør Hugo Strand.

Fitjar Mek. Verksted held til på Fitjar og har 90 fast tilsette.
Verftet er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen og satsar spesielt innan fiskeri- og havbruksmarknaden, men byggjer òg spesialfartøy som t.d. Kystverkets nye fartøy.

Den nye designkontrakten er svært gledelig for Salt, sier Egil Sandvik hos Salt Ship Design. Nye «Vikingbank» er andre fiskebåt med Salt-design for Cetus-rederiet, og me er svært glade for at rederiet kjem tilbake til Salt når dei no kontraherer ny båt igjen.

Skipsdesignarane hos Salt ser òg fram til å fortsetje det gode samarbeidet med Fitjar Mek. Verksted AS, som no har to nybygg til rederiet under bygging. Fiskeri og havbruk er ein viktig marknad for Salt, og selskapet har med «Vikingbank» totalt 20 fartøysdesign under bygging. Av desse er 7 fiskefartøy og 5 til havbruksnæringa.