Selfa Flex 1499 heiter modellen skulen får

Kva skal båten heite?

Det kom inn meir enn 600 namneforslag til den nye undervisningsbåten ved Hustadvika vgs. No er det valt ut sju namn som elevar og tilsette på skolen kan stemme på.

Publisert

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Selfa Arctic AS i Harstad om å bygge tre nye undervisningsfartøy som skal brukast i naturbruksopplæringa ved Hustadvika vgs., Herøy vgs. og Ålesund vgs. Fartøya, som har ei total kostnadsramme på 109 millionar kroner, skal gi elevane meir praktisk og moderne opplæring i blått naturbruk.

Før påske bad namnekomitéen om forslag frå publikum til nytt namn på det nye undervisningsfartøyet ved Hustadvika vgs. 

Kriterium for namnet:

  • Bør ha lokal forankring
  • Gjerne vere unikt
  • Vere lett å uttale

Totalt kom det inn heile 643 forslag som namnekomitéen no har snevra inn til eit finaleheat på sju, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Avstemminga på skolen skjer i dei to neste vekene.

Her er dei sju namna, med forklaring:

«Ane Martha»

Ane Martha Hessholm vaks opp på siste halvdel av 1800-talet i eit kyst- og losmiljø på Bjørnsund og Hessholmen, og valde eigen veg då ho nekta å ta over etter mora og rømde for å skape seg eit liv på eiga hand. Ho starta som hushjelp, men fekk etterkvart ansvar og blei leiar i eit internasjonalt konsern. Ho er eit eksempel på mot, sjølvstende og tilknyting til kysten.

«Hustad Viking»

Samansett av Hustad og Viking, viking kan assosierast med både styrke, råskap og utferdstrong.

«Hustadvik» 

Namnet er ein variant av Hustadvika.

«Håsund»

Håsund er namnet på det gamle innløpet til Harøysund hamn før det kom molo. Båten skal ligge i Håsundet, og skolen har adresse Håsundvegen.

«Ole»

Ole Martinussen Teistklubb var berre 19 år då han revolusjonerte sildegarnfisket ved å utvikle ei løysing der garna blei halde i rett djupn med tau festa i ein kabel med blåser. Det første forsøket i november 1896 gav stor fangst, og på få dagar tok fiskarar frå Sunnmøre og Romsdal metoden i bruk.

«Tiro»

Den førre skolebåten het «Tiro», som er latin og betyr elev/lærling/rekrutt.

«Tjellå»

Tjellå=kvinne (dialekt). Kvinnenamn på båtar skulle beskytte mot ulykke.

Båten til Hustadvika vgs blir levert først, i november/desember 2026.