Pressemelding

Hummarfisket i sør er straks over

Hummarfisket i Sør-Noreg avsluttes onsdag 30. november.

Publisert

Onsdag 30. november ved midnatt er det slutt på hummarfisket i Sør-Noreg. Etter to intense månader med titusenvis av teiner i sjøen skal hummaren igjen få fred i 10 månader. No blir det kontroll på kysten sør for Stad. Det skriver Fiskeridirektoratet i en pressemelding.

Til og med 30. november

Fritidsfiskarar har lov å fiske med 10 teiner frå grensa mot Sverige til og med Vestland fylke i perioden 1. oktober til og med 30. november. Men ikkje alle har respekt for fredningstida. Enkelte set hummarteiner før fisket opnar, og det er nokre som lar dei stå i sjøen og fangste etter at fisket er stansa.

– Det er alltid nokon som prøver seg. Derfor vil vi i samarbeid med Kystvakten patruljere deler av kysten den næraste tida for å kontrollere at folk har fått teinene sine opp av sjøen eller har montert fluktopning på minimum 80 millimeter, seier førsteinspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet i pressemeldingen.

Rapportering og merking

Sjølv om hummarfisket i sør no blir avslutta kan det halde fram ut året frå Møre og Romsdal og nordover. I sør er det fram til og med 31. desember lov å oppbevare hummar i samleteiner, men dette skal i så fall registrerast på eit eige skjema på Fiskeridirektoratets nettsider.

– Vi vil minne alle dei som har hummar ståande i samleteiner etter at fangstperioden er over om at det ikkje er lov å oppbevare hummar med utvendig rogn, sjølv om den får rogn etter at den er fangsta. Den skal tilbake i sjøen, helst i same området som den blei fanga. Det er også krav om at samleteiner skal merkast på same måten som teiner til fangst, seier Iden.