Avgjørende for kystfiske – forsvinner
Dei er blant verdas mest produktive økosystem , men over heile Europa går sjøgrasenger tapt. No har fleire titals europeiske forskarar gått saman for å stoppe fråfallet.
Over 50 forskarar frå 17 europeiske land går saman om åtte konkrete tiltak for å ta vare på sjøgrasengene som er att – og for å byggje oppatt dei tapte.
Avgjørende for kystfiske
Sjøgrasenger ligg til grunn for kystfiskeria, beskyttar kystlinja frå erosjon og flaum, filtrerer vatn, er skjulestad og jaktmark for ei rekkje artar og lagrar store mengder karbon.
Men over heile Europa minkar desse habitata kraftig.
Undervassengene går tapt til dårleg vasskvalitet, kystutbygging, sjukdom, invaderande artar og lite berekraftig bruk.
– Langs den svenske Skagerrak-kysten har meir enn 60 prosent av ålegrasengene forsvunne dei siste 40 åra, seier havforskar Karine Gagnon. Ålegras er ein av dei fire artane sjøgras som høyrer heime i europeiske farvatn.
– Også langs norskekysten møter ålegrasenger fleire trugslar og stressfaktorar.
Gagnon er del av det internasjonale forskarkollegiet som no kjem med anbefalingane. Ho leier også havforskingstiår-prosjektet NORSE, som rettar søkjelyset mot ålegrasenger her heime.
HI undersøker mellom anna dei langsiktige trendane for ålegrasenger i den norske delen av Skagerrak.
– Ålegrasenger er særleg truga, og har minka i Oslofjorden på grunn tidlegare næringsstoff-nivå, kystutvikling og overfiske.
Dette er anbefalingane
Dei åtte anbefalingane frå den europeiske alliansen for sjøgrasrestaurering (ESRA) er:
1: Ivareta dei eksisterande ålegrasengene – sunne, eldre ålegrasenger gjev høgare økologisk vinst enn nyoppkomlingane.
2: Reduser stressfaktorane først – restaurering lukkast ikkje, med mindre ein først har adressert årsakene til at undervassengene forsvann.
3: Identifiser historisk, noverande og framtidig potensial for sjøgrashabitat for å ha ei rettesnor i restaureringsarbeidet.
4: Langsiktig overvaking er avgjerande for adaptiv forvalting.
5: Utvikle forskingsbaserte tilnærmingar og promotere etisk kunnskapsdeling.
6: Kompetanseløft – anten ein vedtek politikk, driv forvalting eller nyt godt av økosystemtenestene frå sjøgrasenger.
7: Forvaltning, politikk og finanseringsmekanismar og restaureringsvitskap må samsnakke.
8: Utvikle og optimalisere motstandsdyktige forsyningskjeder for sjøgras
– Det er ikkje for seint, seier Karine Gagnon.
Havforskaren har tidlegare gjennomført forsøk med å transplantere nytt ålegras til havbotnen hos svenskane – med lovande resultat.
– Sjøgrasengene som har overlevd kan kome seg igjen, og det er potensial for å skape nye habitat.