Gå til innhold

Nils Gunnar Kvamstø blir ny havforskningsdirektør

Nils Gunnar Kvamstø er ny havforskingsdirektør. Foto: Eivind Senneset/HI
Nils Gunnar Kvamstø er ny havforskingsdirektør. Foto: Eivind Senneset/HI

Nils Gunnar Kvamstø (57) gler seg over å ta fatt på eit seks års åremål, ved roret ved Havforskingsinstituttet. 

- Eg er begeistra, stolt og motivert til å ta fatt på jobben saman med dei dyktige tilsette på instituttet. HI er eit av dei største marine forskingsmiljøa i Europa, og viktige for samfunnet vi lever i, verda rundt oss og dei utfordringane vi står overfor: Målet om berekraftig ressursforvalting, klimaendringane og vern av naturmangfald. God havforvaltning må baserast på forsking og kunnskap, som nettopp HI leverer til samfunnet, seier Kvamstø i ei pressemelding.

Stril, meteorolog og professor 

Nils Gunnar Kvamstø er vaksen opp i Arna utanfor Bergen, utdanna meteorolog og professor i faget. 

Han kjem til HI frå stillinga som marin dekan ved Universitetet i Bergen, der han har hatt ei lang og innhaldsrik karriere, både som forskar og leiar.

Kvamstø har mellom anna arbeidd med klimamodellering og -analyser, og var sentral i oppbygginga av klimamodelleringsaktiviteten ved Bjerknessenteret for klimaforsking og i etableringa av Bergen Offshore Wind Center. 

Mest lest