Frå økosystemtoktet i Barentshavet 2018. Anders Fuglevik, Erlend Langhelle, Irene Huse, Stine Karlsson og Holly Ann Perryman sorterer fangsten frå ein botntrål. Foto Erlend A. Lorentzen, Havforskningsinstituttet

Krigen får konsekvenser for forskningssamarbeidet

Krigen i Ukraina får konsekvensar for det norsk-russiske forskingssamarbeidet til Havforskingsinstituttet. Nokre aktivitetar vert avlyst, andre går per no som planlagt, opplyser Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

Publisert Sist oppdatert

Norske og russiske havforskarar har samarbeida tett i mange tiår. Forskarane har delt forskingsdata, reist på tokt og drøfta seg fram til kvoteråd for bestandane i Barentshavet i saman. 

Sidan 1958 har forskarar frå dei to landa møttest årleg for å diskutere fag og planleggje felles tokt, konferansar og møter. I 1965 drog forskarane på sitt første felles tokt. 

Norske og russiske havforskere på trappen utenfor VNIRO i Murmansk i 2019. Foto: Gunnar Sætra, Havforskningsinstituttet

I våre dagar samarbeider norske og russiske forskarar mellom anna om verdas mest omfattande økosystemtokt.

Data frå dette toktet dannar grunnlag for kvoteråd og anbefalingar til den heilskaplege forvaltinga av Barentshavet. 

HI sitt samarbeid med Russland skjer i all hovudsak gjennom det sentrale, russiske fiskeriforskingsinstituttet VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk, som tidlegare bar namnet PINRO.

Det vil vera klart uheldig om fiskerisamarbeidet skulle bli en del av sanksjonane, sier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. Foto Eivind Senneset, Havforskningsinstituttet

Norsk-russisk fiskerisamarbeid unntatt sanksjonane 

Noreg har kutta kontakta med russiske styresmakter til eit minimum, men så langt har det norsk-russiske fiskerisamarbeidet vore unntatt sanksjonane. 

Det betyr mellom anna at det norsk-russiske symposiet og forskarmøtet i Tromsø i  mai-juni framleis skal gå etter planen.  

– Dersom fiskerisamarbeidet skulle bli ein del av sanksjonane, vil ikkje forskarane kunne dela informasjon over landegrensene. Då får vi eit dårlegare vitskapleg grunnlag for å fastsetje fiskekvotane, og det vil vera klart uheldig, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø