DEL

Ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe rår til at det vert etablert ein eigen type løyve for landbasert matfiskoppdrett av laks og aure. Slike løyve bør vere vederlagsfrie og utan begrensingar i antal.


( 15.01.2015 )

Arbeidsgruppa vart oppnemnd av Nærings- og fiskeridepartementet i slutten av oktober 2014 og leverte rapporten til departementet 14. januar.

 

– Vi har levert ein einstemmig rapport med klare tilrådingar til fiskeriministeren. Vi meiner eigne løyve for matfiskoppdrett på land med bruk av sjøvatn bør tildelast utan kostnader knytt til løyvet, og at det heller ikkje bør vere begrensingar i antal anlegg. Vederlag til staten for landbaserte løyve vil kunne bli til hinder for lønsemd og konkurransekraft, seier utvalsleiar Jens Christian Holm, direktør i Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

 

Ny teknologi

Fram til i dag har ikkje kommersielt oppdrett på land vore særleg lønsamt, korkje her i landet eller i andre land. Ny teknologi, som til dømes resirkuleringsteknologi for akvakultur (RAS), vil kunne gjere det kommersielt interessant å starte matfiskoppdrett på land. I tillegg vil anlegg på land bety langt betre mogelegheiter for å handtere miljøutfordringar som lakselus, rømming og lokale utslepp.

 

– For å videreutvikle norsk oppdrettsnæring er det viktig at myndigheitene legg til rette for alternative driftsformer. Dersom vi ikkje gjer det, vil det kunne bety tapte mogelegheiter for norsk næringsliv. Å legge til rette for landbasert oppdrett vil kunne bidra til ei slik positiv utvikling, seier Holm.

 

Fordel for Noreg?

Arbeidsgruppa peikar på at produksjon av stor setjefisk kan gje norsk næringsliv ei føremon.

 

– Her i landet vil vi kanskje sjå ei utvikling mot ulike former for kombinasjonsmodellar der første del av produksjonen er på land, mens sluttfasen fram til at fisken skal slaktast blir gjort i anlegg i sjøen, seier Holm.

 

I tillegg til å gje råd til fiskeriministeren om å etablere eit eige type løyve for oppdrett av matfisk på land, har utvalet også vurdert landbasert oppdrett opp mot miljøomsyn, fiskevelferd, mogelege arealkonsekvensar og samfunnsmessige og distriktsmessige effektar.

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.