DEL

Statssekretær Dilek Ayhan gjestar Tyrkia 1.-3. desember. Formålet med gjesta er å setje fokus på det aukande samarbeidet mellom norsk og tyrkisk næringsliv, og det store potensialet for norsk sjømat i Tyrkia.


( 03.12.2014 )

– Med 76 millionar innbyggjarar og veksande kjøpekraft representerer Tyrkia ein stor og spennande marknad. Stadig fleire norske selskap ser mot Tyrkia, men framleis er marknaden relativt lite kjend blant norske bedrifter. Det er viktig at både næringsliv og styresmakter jobbar med samarbeidsmoglegheitene slik at vi kan leggje til rette for meir handel og auka investeringar, seier Dilek Ayhan.

 

For å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Tyrkia er det etablert ein norsk-tyrkisk økonomisk kommisjon, her skal relevante aktørar samlast til årlege møte for å drøfte moglegheiter og utfordringar i nærings- og handelspolitikken. Det blir også forhandla om ei utviding og modernisering av frihandelsavtalen mellom EFTA og Tyrkia.

 

– Eksportørar av norsk sjømat til Tyrkia vil dra nytte av ein meir moderne frihandelsavtale. Sjømateksporten til Tyrkia har hatt ein jamn auke,men potensialet er framleis stort, seier statssekretær Ayhan.

 

Under gjesta vil Ayhan blant anna gjeste fiskemarknadene i Istanbul og opne eit seminar om marknadsmoglegheitene for norsk sjømat. Under gjesta vil Ayhan også møte den tyrkiske kollegaen sin frå næringsdepartementet, samt ha møte med landbruksdepartementet, energiministeriet og Turkish Chamber of Shipping.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.