DEL

Filet frå nordsjøsild, sei og torsk har låge nivå av miljøgifter og er trygg sjømat. Det viser tre basisundersøkingar NIFES har gjort over dei siste tre åra.


( 12.04.2013 )

[raw]

Om lag 4000 fisk frå ca 160 stasjonar er samla inn og undersøkt, med 80 stasjonar av torsk, 40 av nordsjøsild og 40 av sei. Prøvane blei samla inn over heile fiskesesongen, og har blitt analysert for tungmetall som kvikksølv, kadmium, bly og arsen, samt dioksin, PCB og bromerte flammehemmarar.

 

– Dette er eit kunnskapsløft når det gjeld innhaldet av uønska stoff i desse artane, seier Amund Måge, forskingssjef ved NIFES.

 

I torsk og sei er både filet og lever analysert, mens for nordsjøsild er det berre filetprøvar som har blitt analysert.

 

– Resultata for filetprøvane viser generelt låge nivå av miljøgifter. Av alle dei analyserte prøvane var det tre enkeltfisk av torsk og éin prøve av sei som hadde eit nivå av kvikksølv som var over grenseverdi, seier Måge.

 

For samtlege stasjonar var gjennomsnittsverdiane godt under grenseverdi, og dette var tilsvarande også for dei to andre artane.

 

– Vi ser ein auke i innhald av kvikksølv frå nord og sørover. Det visar at det er større påverknad i sør enn nord for kvikksølv, seier Måge.

 
Basisundersøkingane viser at filet frå nordsjøsild, sei og torsk har låge nivå av miljøgifter og er trygg sjømat.

 

Overskridingar for lever

I torsk og anna mager fisk blir dei organiske miljøgiftene hovudsakleg akkumulert i lever. I Barentshavet, der hovuddelen av kommersielt fiske foregår, ligg nivåa av dioksin og dioksinlignande PCB i torskelevra under grenseverdi.

 

– Gjennomsnittsverdiane er slik at vi vurderer sjansen for at eit parti med lever over grenseverdi skal nå forbrukarane er liten, seier Måge.

 

For torsk frå Nordsjøen og for kysttorsk er derimot sjansen større for overskridingar.  Det eksisterer i dag eit kosthaldsråd om å ikkje ete lever frå sjølvfangst.

 

– Desse undersøkingane har gitt Mattilsynet og næringa eit mykje betre grunnlag for å sette i gang tiltak når det gjeld lever frå torsk, seier Måge.

 

I tranproduksjon er det levra frå torsk som blir brukt, men dette produktet vert alt reinsa for organiske miljøgifter.

 

– For sei er nivået generelt lågare ned til Nordsjøen, grensa for der desse undersøkingane går for denne arten. Det var berre nokre få stasjonar som viste verdiar over grenseverdi, seier Måge.

 

God oversikt over norsk sjømat

Formålet med basisundersøkingar er å få eit breitt kunnskapsgrunnlag og god oversikt over nivå av problematiske stoff i artar det vert fiska mykje på i Noreg, og for å få etablert ei hensiktsmessig overvakning på desse artane i framtida.

 

– Vi har no fått ei unik oversikt over kva uønska stoff som finns i desse artane. Det synes vi er flott, og det dannar også grunnlaget for vidare overvaking med mindre ressursar i framtida, seier Måge.

 

Planlegging av prøvetaking og sjølve prøvetakinga er gjort i samarbeid med Havforskingsinstituttet, og desse tre basisundersøkingane er i hovudsak finansiert av Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskingsfond.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.