DEL

I 2014 var det framleis låge nivå av kvikksølv i sjømat ved undervassbåten U-864 utanfor Fedje, viser ein fersk rapport. Sjømaten er trygg, ut frå dei resultata me har frå brosme og krabbe, slår forskar hjå NIFES, Sylvia Frantzen, fast.


( 16.06.2015 )

Sidan 2004 har NIFES overvaka kvikksølvinnhaldet i sjømat frå området rundt vraket av undervassbåten U-864 på oppdrag for Kystverket. Sumaren 2014 blei det tatt nye prøvar av brosme og krabbe frå området ved vraket, frå fire sjømil nord for vraket og frå fire sjømil sør for vraket.

 

Konklusjonen i NIFES-rapporten er at konsentrasjonane av kvikksølv i brosme og krabbe frå området rundt vraket av ubåten er under EU og Noreg si øvre grenseverdi for humant konsum, bortsett frå ei brosme.

Under grenseverdi

Den gjennomsnittlege kvikksølvkonsentrasjonen i filet av brosme i 2014 var 0,27 mg/kg ved vraket, 0,25 mg/kg fire sjømil nord for vraket og 0,23 mg/kg fire sjømil sør for vraket. Ein enkelt av dei 75 analyserte prøvane av brosme hadde høgare nivå (0,69 mg/kg) av kvikksølv enn EU si øvre grenseverdi på 0,5 mg/kg. Brosmene fanga ved vraket har ikkje høgare kvikksølvkonsentrasjon enn dei som er fanga lenger sør og nord, noko som tyder på at det er liten samanheng mellom forureining frå sjølve vraket og kvikksølvnivå i fisk frå området. Brosmene har heller ikkje høgare nivå av kvikksølv enn bakgrunnsnivået for kysten, men nivået er noko høgare enn i opent hav.

 

Når det gjeld krabbe fanga i området nær U-864, varierte gjennomsnittskonsentrasjonane av kvikksølv mellom 0,064 og 0,11 mg/kg i brunmat og mellom 0,074 og 0,094 mg/kg i klokjøtt. I 2014 hadde ingen av krabbeprøvane konsentrasjonar av kvikksølv over EU og Noreg si øvre grenseverdi på 0,5 mg/kg, som for krabbe berre gjeld for klokjøtt.

Stabilt låge nivå

Det totale kvikksølvnivået i brunmat frå området var litt høgare enn det ein finn elles langs kysten. Den forma for kvikksølv ein er mest bekymra for og som det normalt er mest av i sjømat er metylkvikksølv. I 2014 er også denne målt i både klokjøtt og brunmat. Nivåa av metylkvikksølv i krabbe frå Fedje er på linje med det ein finn i krabbe i andre delar av landet.

 

NIFES har overvaka kvikksølvnivåa rundt U-864 sidan 2004, og resultata er relativt stabile, fortel Frantzen.

 

– Me har overvaka situasjonen i 10 år, og nivåa av kvikksølv i brosme og krabbe er heilt klart ikkje aukande, seier ho.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.