DEL

Kystfartøy under 11 meter får ein kvoteauke i torskefisket på 33 prosent. Dei større fartøya i denne gruppa får 25 prosent auke. – Dette inneber i praksis eit tilnærma fritt torskefiske for den minste kystflåten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.


( 20.08.2013 )

[raw]

-Dette er ei refordeling av torskekvotane som vil medverke til at kvitfiskindustrien langs kysten no får tilgang på meir råstoff, seier Berg-Hansen.

 

I sommar vart maksimalkvoten for hyse for flåten mellom 11 og 21 meter redusert. – No ser vi at det er rom for å justere maksimalkvoten tilbake slik han opprinneleg var for fartøy mellom 11 og 15 meter, seier fiskeri- og kystministeren.

 

Fakta om refordelinga i kystflåten sitt fiske etter torsk og hyse:

For fartøy i lukka gruppe med heimelslengd under 11 meter blir overreguleringa i torskefisket no sett til 300 prosent. Kvoteauken er på 33 prosent for fartøy med største lengd under 11 meter, medan auken for større fartøy i denne gruppa er på 25 prosent. Dette inneber i praksis eit tilnærma fritt fiske for den minste kystflåten. For eksempel får fartøy med heimelslengd og største lengd mellom 10 og 10,9 meter ein kvoteauke på 53,4 tonn, dvs. ein auke frå 160,1 til 213,5 tonn.

 

For fartøy i lukka gruppe mellom 11-15 og 15-21 meter heimelslengd blir overreguleringa sett til 20 prosent. Dette gir ein kvoteauke på 9 prosent for fartøy med største lengd over 11 meter, medan kvoteauken for mindre fartøy i denne gruppa blir 16,7 prosent. For eksempel får fartøy med heimelslengd og største lengd mellom 14 og 14,9 meter ein kvoteauke på 11,8 tonn (frå 130,8 tonn til 142,6 tonn). Tilsvarande får fartøy mellom 20 og 20,9 meter ein kvoteauke på 22,1 tonn (frå 242,9 tonn til 265,0 tonn).

 

Hyse
I gruppa 11-14,99 meter i fisket etter hyse går vi tilbake til den opprinnelege overreguleringa på ca. 600 prosent. Dette på grunn av ei relativt låg fisketakt i denne gruppa. Alle kvotetillegg blir gitt som maksimalkvotar og med verknad frå og med måndag 19. august.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.