DEL

Sevi Turbo har i juni 2015 etablert tre nye komplette turboverksted, i Kirkenes, Tromsø og Gøteborg for turboer i alle størrelser og turboer til alle motormerker.


( 03.07.2015 )

Selskapet har nyleg informert marknaden om etablering i Sandnessjøen og Hirtshals og no kom det som lova fleire verksted i Norge og eit i Sverige.

 

I Tromsø er det inngått samarbeidsavtale med det hurtigveksande firmaet Båt og byggstål AS, i Kirkenes med det velkjente store verftet Kimek, medan det i Gøteborg er oppretta eit eige spesialverksted. Samarbeidsavtalane inneber at Sevi Turbo skal levere alt av turbodeler og turboservice til aktørane i Tromsø og Kirkenes. I tillegg skal de ha det som trengs av balanseringsmaskiner, spesialverktøy og personell på verkstadene.

 

Denne verdensnyheita har blitt presentert på den store messa Nor-shipping i Oslo og Sevi Turbo opplever enorm respons på dei nye verksteda og det komplette tilbudet som blir presentert. Dei eksisterande og nye kundane har i løpet av vekå fått kome med innspel om kvar dei ønskar at det neste verkstedet skal etablerast. Vi noterer flittig og tek hensyn til dette for framtida seier Roger Kaldhol.

 

På lik linje med etablering av dei andre 7 verksteda vi har frå før satsar vi stort med avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.000kg og lokale lager av deler. Sevi Turbo tilbyr overhaling, balansering, reparasjon og bytteordning for små og store turboar frå dei ti verkstadene Sevi Group har i Skandinavia. Adm. Direktør Roger Kaldhol lovar endå fleire etableringar både i inn- og utland dei nærmaste åra.

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.