DEL

– Auka kvotetak og større fleksibilitet i korleis fiskarane kan kombinere ulike fiskeri skal styrke driftsgrunnlaget for kystfiskarane.


( 30.05.2013 )

[raw]

-Å sikre gode og føreseielege rammevilkår og inntekter til dei som har fiske som yrke er avgjerande for framtida til denne næringa, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

 

Fartøyeigarane vil kunne velje om dei vil spesialisere drifta på torskesektoren eller pelagisk sektor (sild og makrell) eller om dei vil være like store i begge sektorar.

 

– Vi har ein variert kystflåte med stor geografisk spreiing og mange ulike driftstilpassingar. Også dei som ikkje har høve til spesialisering må kunne betre lønnsemda si gjennom auka kvotegrunnlag, seier statsråden.

 

Fakta om dei nye ordningane:
•For fartøy med heimelslengd over 15 meter blir kvotetaket fire gonger fartøyet sin grunnkvote innanfor ein av sektorane og to innanfor den andre (4 + 2). Alternativt tre gonger fartøyet sin grunnkvote, både i torskesektoren og i pelagisk sektor (3 + 3). Ved strukturering ut over tre grunnkvotar, blir avkortinga heva frå 20 til 30 prosent.

 

•For fartøy med heimelslengd mellom 11 og 15 meter blir kvotetaket tre gonger fartøyet sin grunnkvote innanfor ein av sektorane (3 + 1), eller to ganger fartøyet sin grunnkvote, både i torskesektoren og i pelagisk sektor (2 + 2).

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.