DEL

Bjørdal Industrier AS har inngått avtale om levering av komplett ny filetfabrikk til den nye fabrikktrålaren «Ramoen», som skal leverast sommaren 2016 frå det spanske verftet Astilleros Armon Gijon, til rederiet Ramoen AS. Rolls Royce Design har stått for prosjektering av den nye filétrålaren.


( 20.01.2015 )

Bjørdal Industrier AS er lokalisert i Hovdebygda i Ørsta og har ca. 40 fast tilsette. Bedrifta vart etablert i 1907 som bygdesmie. I dag er produksjonen basert på leveranser til fiskeindustrien og fiskeflåten, samt stålbygg.

fabrikk G4 060710

Dette er ikke fabrikken som skal installerast om bord i Ramoen, men er frå en tidlegare leveranse.

 

 

Ordra har ein verdi på i overkant av 40 mill kr og inkluderer komplett utrustning og montering. Fabrikken vert den mest moderne i sitt slag og vil ha prosessliner hovudsakleg for filetproduksjon, men også for sløygd/hovudkappa fisk. Det er lagt stor vekt på eit godt og sikkert arbeidsmiljø med høg kvalitet og stor variasjon på filetprodukta, mellom anna ved installasjon av ny utvikla utstyr for  produksjon av beinfrie filetar.

 

Denne ordren , saman  med den gode ordretilgangen dei siste månadane, sikrer Bjørdal Industrier AS god sysselsetting i 2015. Bjørdal Industrier AS leverte også fabrikken til noverande «Ramoen» i 2006,og dei er synes det er svært gledelig at rederi gir dei fornya tillit.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.