DEL

Ulstein Group leverer gode tal for 2013. Konsernet hadde ei omsetning på 2,3 milliardar kroner og eit driftsresultat på 318 millionar kroner.


( 29.04.2014 )

-Vi har dyktige medarbeidarar og ein organisasjon med god gjennomføringsevne og
leveringspresisjon. Vi er svært takksame for det gode samarbeid og samspelet vi har med kundar, leverandørar og andre aktørar i næringa. Resultatet gjer oss i stand til å halde fram med å utvikle konkurransedyktige og innovative produkt og tenester til offshoremarknaden også framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Lykkast 40 skip i ordre        

For tida har ULSTEIN over 40 skip i ordre, seks av fartøya blir bygd ved vårt eige verft medan resten blir bygd ved verft internasjonalt.

 

Vi har jobba langsiktig og strategisk for å lykkast med dette. Sal av design og utstyrspakkar gir ringverknader i regionen, både når det gjeld design og utvikling, men også for sal av utstyr og tenester. Stor takk til våre medarbeidarar og det tette samarbeid med våre relasjonar som har gjort dette muleg, seier Ulstein.

 

Leveringspresisjon frå eige verft

-2013 fartøyet Seven Viking, som er spesialdesigna for oppdrag for Statoil i Nordsjøen. Skipet fekk raskt eit godt rykte i oljemiljøet og det var med stoltheit at vi kunne ta i mot utmerkinga
«Årets skip» for dette fartøyet. Vidare leverte vi også fire plattform forsynings fartøy av typen PX121 designet frå eige verft. Alle desse samt fire til er kjøpt av reiarlaget Nordic American Offshore.

 

 

Innovasjon

ULSTEIN satsar langsiktig på innovasjon, og i 2013 vart det investert 146 millionar kroner i forsking og utvikling. Gunvor Ulstein understrekar at selskapet skal halde fram med å vere ein pådrivar for nyskaping:

 
– Innovasjon er viktig for å vidareutvikle produkt og tenester og for å skape nye. Gjennom godt samarbeid internt og med andre maritime aktørar, skal vi halde fram med å skape nye og forbetra løysingar som gir meirverdi, seier Ulstein. Ved utgangen av2013, var ordreboka på 2,6 milliardar kroner i Ulstein Group.

 

Ulstein Group sine hovudtal for 2013:

Driftsinntekter: 2,30 milliardar kroner (2012: 2,27 mrd. kr)

Driftsresultat: 317,8 millionar kroner (2012: 228 mill. kr)

Ordinært resultat før skatt: 360,8 millionar kroner (2012: 211,4 mill. kr)

 
Faktaboks om ULSTEIN:

ULSTEIN har omlag 800 medarbeidarar i sju land, og har hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden for offshorefartøy. ULSTEIN har aktivitet innan fire område; Design & Solutions, Shipbuilding, Power & Control og Shipping.

 

I 2006 leverte Ulstein skroglinjedesignen, Bourbon Orca. Etter at det første flaggskipet vart levert, har ein til saman seld over 90 design med X-BOW. Designa er selde til meir enn tjue ulike reiarlag for bygging ved verft både i Kina, Dubai, Brasil, Indonesia, Spania, Singapore, Japan og Noreg, i tillegg til bygging ved eige verft på Sunnmøre.

 

Ulstein Group ASA har følgjande dotterselskap: Ulstein Verft AS, Ulstein Power & Control AS, Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Elektro Installasjon AS, Ulstein International AS, Ulstein Shipping AS, Ulstein Belga Marine, Ulstein Marine Systems, Ulstein Asia, Ulstein Marine Equipment, Ulstein Sea of Solutions, Ulstein Idea Equipment Solutions, Ulstein South America, Ulstein Poland og Bronte.

 

 

ULSTEIN si historie strekker seg tilbake til 1917 då Martin Ulstein etablerte selskapet. ULSTEIN
vert i dag leia av Martin Ulstein sine barneborn; Gunvor Ulstein, konsernsjef og Tore Ulstein, visekonsernsjef. Tore Ulstein er også styreleiar i Ulstein Group ASA.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.