DEL

Oppdrett av kveite har så langt hatt ei langsam utvikling. No skal forskarar frå NIFES hjelpe kveita til å vekse.


( 11.11.2013 )

[raw]

Det er gjennom EU-programmet DIVERSIFY at forskinga på oppdrett av kveite skal få eit løft. Programmet har peikt ut ei rad europeiske artar som kan ha både biologisk og kommersielt potensial i oppdrett. NIFES skal saman med Havforskingsinstituttet forske på kveite.

 

– Kveiteoppdrett har eksistert i lite omfang i fleire tiår. Men det er ofte vanskeleg å få kveita til å vekse opp. Overleveving på larvestadiet og kvaliteten på yngel kan variere mykje og veksten etter yngelstadiet er ofte litt for dårleg. Derfor er produksjonsvolumet lågt, seier ansvarleg for prosjektet hos NIFES, Kristin Hamre.

 

I åra fram mot 2018 håper ho og forskarkollegaer ved NIFES å ha funne løysingar som kan løfte oppdrettskveita ut av puberteten. Ei av dei største utfordringane er å sikre rett ernæring, som er ein viktig årsak til den vanskelege og variable veksten.

 

– Eitt av måla er å finne ein metode som gjer det mogleg å gi kveita tørrfôr heilt frå larvestadiet. I teorien skal ein kunne gjere dette etter 20 dagar, som ein gjer med torsk. Men i dag blir kveita fora med Artemia, eit levande dyreplankton, i 70 dagar, seier Hamre.

 

Samstundes skal forskarane prøve ut fôring med påvekst-Artemia (Artemia som har vore dyrka fram i fire dagar), som er vist å gi yngel av betre kvalitet.

 

Forskarane skal også prøve å gjere kveita betre i magen. Vanlegvis blir alt vatnet oppdrettsfisken sym i skifta heilt ut i løpet av eit døgn. Med ein resirkuleringsteknikk og bruk av eit biologisk filter skal berre ein liten del av vatnet skiftast ut i døgnet. Dette skal gjere bakteriefloraen i vatnet rikare og meir stabil enn den elles ville ha vore.

 

– Vi vil mellom anna undersøke om dette påverkar bakteriefloraen og tarmfunksjonen til kveita på ein positiv måte, slik at ho nyttar næringsstoffa betre. Dersom ho gjer det, kan det ha innverknad på veksten, seier Hamre.

 

Totalt er 38 partnarar frå 12 europeiske land med i DIVERSIFY-programmet.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.