DEL

Kleven-konsernet leverte eit driftsoverskot på 76,0 millionar kroner i 2014, mot 172 millionar kroner i 2013. EBITDA vart 102 millionar kroner.


( 29.06.2015 )

Omsetninga i 2014 vart på ny rekordstor, 5,0 milliardar kroner, mot 4,2 milliardar kroner i 2013 – som var rekord til då. Kleven har i dag 16 fartøy i ordreboka til ein samla kontraktsverdi på omlag 10 milliardar kroner, som er 33prosent høgare enn på same tid i fjor.

 

– Eit driftsoverskot på 76 millionar kroner på ei slik stor omsetning er vi ikkje nøgde med. Vi har hatt stor vekst, og gjennomført rekordmange byggeprosjekt, men også hatt gjennomføringsproblem knytt til prototypar og tekniske utfordringar. Som ein følge av dette har vi sett i gong arbeid med forbetringar på ei rekke område, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

 

– Vi er inne i eit omfattande investeringsprogram som det framleis er knytt mykje arbeid til. Dette har vore krevjande samtidig med stor drift. Men langtidseffekten av investeringar vil gi oss betre tilhøve for framtida, seier Rasmussen.

 

Konsernet leverte i løpet av 2014 åtte nybygg,  alle til norske eigarar, men har no ei stor spreiing i ordreboka både geografisk og i høve til type farty. Dette vil vere ei klar styrke for konsernet i den turbulente markanden ein opplever for tida. Ved utgangen av 2014 hadde konsernet 768 tilsette, om lag det same som i 2013.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.