DEL

Her vidarefører vi i hovudsak reguleringane frå i fjor. Men for det nye reguleringsåret som startar 1. januar 2016 innfører vi ein ny modell for kvotefordeling i tråd med stortingsmeldinga vår om forvaltning av kongekrabbe, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Nærings- og fiskeridepartementet fastsette i mars ein totalkvote på 1300 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar


( 28.08.2015 )

Her vidarefører vi i hovudsak reguleringane frå i fjor. Men for det nye reguleringsåret som startar 1. januar 2016 innfører vi ein ny modell for kvotefordeling i tråd med stortingsmeldinga vår om forvaltning av kongekrabbe, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Nærings- og fiskeridepartementet fastsette i mars ein totalkvote på 1300 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar for det kommande reguleringsåret, som då var tenkt å gjelde i 12 månader frå september 2015. Når reguleringsåret no blir lagt om vil 80 pst. av den fastsette totalkvoten bli sett av til førstkommande reguleringsperiode. Det betyr at det kan fiskast 1040 tonn hannkrabbar og 40 tonn hokrabbar mellom 5. september og 31. desember 2015. Det kvantumet som er igjen blir knytt til reguleringsåret 2016. Truleg kjem det også eit kvotetillegg etter at det seinare i haust ligg føre tilråding frå Havforskingsinstituttet. Fartøy med heil kvote kan fiske inntil 2,0 tonn kongekrabbe i perioden fram til årsskiftet, medan dei med halv kvote kan fiske inntil 1,0 tonn. Når det gjeld vilkåra for å ta del i fisket, vil kravet om ei nedre fartøylengd på minimum seks meter nå også gjelde for fartøy i lukka gruppe. Det er berre reguleringa for perioden frå 5. september til 31. desember 2015 som er fastsett nå. Forskrift for reguleringsåret som startar 1. januar 2016 vil bli fastsett seinare i haust, når den endeleg totalkvoten for 2016 er klar. Fakta om reguleringane i det kvoteregulerte området for perioden frå og med 5. september til og med 31. desember 2015: Totalkvote på 1040 tonn hannkrabbar. Av dette 80 tonn skada hannkrabbar. I tillegg kjem 40 tonn hokrabbar. Totalkvoten blir fordelt som garanterte fartøykvotar. Fartøy der eigaren er oppførd på blad B i fiskarmanntalet per 1. januar 2015 får ein fartøykvote på 2,0 tonn lytefrie hannkrabbar, medan dei andre fartøya med rett til å delta får ein maksimalkvote på 1,0 tonn. Det blir ikkje skilt mellom fartøy i lukka og open gruppe. Det blir gitt tilleggskvotar på inntil 9 pst. skada hannkrabbar og 5 pst. honkrabbar, berekna av fartøyet sin fangst av lytefri hannkrabbe per veke. Fartøy som skal delta i den kvoteregulerte fangsten må ha ei største lengd på eller over 6 meter, og dette gjeld nå i både open og lukka gruppe.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.