DEL

– Vi innfører no ei ordning med kvotebyte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Det er ei prøveordning for 2014, som vi innfører etter ønskje frå flåten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.


( 22.01.2014 )

[raw]

Formålet er å legge til rette for ei lønnsam og tenleg gjennomføring av desse to fiskeria, seier fiskeriministeren.

 

Ordninga går ut på at to samarbeidande fartøy i ringnotflåten kan byte loddekvotar innbyrdes, slik at eitt av fartøya kan fiske begge fartøya sine loddekvotar i Barentshavet, medan det andre fartøyet får fiske begge fartøya sine loddekvotar ved Island. –På denne måten tek vi også vare på mannskapa sine interesser, seier Aspaker.

 

Berre to fartøy kan delta i kvart kvotebyte, og bytet må gjelde heile kvoten. Eitt fartøy kan ikkje delta i meir enn eitt kvotebyte i løpet av 2014. Også fartøy med leigefartøyløyve kan delta i ordninga. Fartøy som ønskjer å delta i kvotebyteordninga må sende melding til Fiskeridirektoratet innan ein fastsett frist. Grunnen til at denne ordninga blir innført er dei låge kvotane på lodde, og dette tiltaket kan gje betre økonomi i fisket.

 

Nærings- og fiskeridepartementet understrekar at dette er ei mellombels prøveordning. Departementet vil vurdere effekten av ordninga og ta dette med i det vidare arbeidet med kvotesystemet.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.