DEL

Enten ein ynskjer å styrkje rekrutteringa eller omdømet, so er openheit ein av dei største ressursane næringa kan nytte seg av.


( 26.02.2014 )

Kronikk av Øyvind Kråkås, Salmon Group AS

Nordmenn er lite kjende med våre viktigaste næringar. Oljen føregår på djupt vatn, og det er ikkje for kven som helst å oppsøkje ei plattform. Kunnskapen om boreteknologi og andre oljerelaterte emne er heller ikkje langt framme i folkeopplysinga. Media kan ein ikkje rekne med, innsikt er ikkje høgt oppe når dei vel sine vinklingar.

 

Moderne fiskeri er heller ikkje noko som dei fleste har innsikt i. Sjølv for kystfolket tek det til å bli lengje sidan alle hadde ein sommar på brislingfiske med seg i utdanninga. Fisken kjem stor sett til forbrukaren ferdig kutta, verdikjeda bakom ligg løynd i etiketten, og berre dei færraste er interesserte nok til å nøste opp i den.

 

Sjølv husdyrhald har etter kvart blitt ganske perifer kunnskap i dei fleste norske heimar. Eit halvt hundreår etter at sjølvberginga og småbruket for alvor slepte taket i befolkninga, har dei færraste noko direkte forhold til det å halde dyr for matauk. Slakting og partering er fjerna frå vår kollektive verktykasse.

 

Lakseoppdrett er ei næring som er litetilgjengeleg både fysisk og kulturelt. Produksjonen føregår i distrikta, og anlegga er i utgangspunktet lukka område. Næringa er ny i historia, relativt få har gjort direkte erfaringar med å halde laks som «husdyr». Om tradisjonelt husdyrhald er fjernt for mange, så har det ei kulturell og historisk forankring som laksen enno ikkje har oppnådd.

 

Kunnskap om verdiskaping, sysselsetjing og ringverknader er viktig. Oppdrettslaksen er ei «oppfinning» som har berga mange kystsamfunn og tradisjonelle fiskeverksemder. Han har vorte ei merkevare som Noreg er kjend for over heile verda. Men vi treng og å få nordmenn flest til å forstå sjølve arbeidet og kunnskapen som næringa står for.

 

Mi oppmoding til oppdrettsverksemdene er at ein gripe sjansen kvar gong nokon ynskjer å oppsøkje produksjonen og lære meir om faget og produktet. Lag gjerne tilstellingar der folk blir inviterte til å kome til anlegga. La flest mogleg få oppleve at vi drive ei kunnskapsnæring og ei teknologinæring. Openheita er vår fremste ressurs når det kjem til å profilere næringa.

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.