DEL

Rådet for sei går opp med om lag seksti prosent, medan det er ein viss reduksjon for torsk, kviting og raudspette i høve til 2016. Endringane skuldast fleire revideringar i bestandsvurderingane og kvoterådgjevinga for dei fire bestandane. Kvoterådet for hyse er utsett til hausten.


( 30.06.2016 )

For sei er det gjeve eit kvoteråd for 2017 på 116 605 tonn. Kvoterådet for torsk er på 47 431 tonn, for kviting er det gjeve eit råd på 23 527 tonn for Nordsjøen og Den engelske kanal, medan rådet for Skagerrak er på 500 tonn. Kvoterådet for raudspette er på 158 201 tonn.

Oppgang etter metoderevisjon

– Oppgangen i kvoterådet for sei skuldast ei meir positiv oppfatning av bestandssituasjonen etter ein metoderevisjon i mars, samt endring i sjølve kvoterådgjevinga. Det har vore eit nokolunde jamt uttak av sei i mange år, med eit relativt lågt beskatningsnivå dei siste åra. Gytebestanden har vore over det såkalla føre-var nivået dei siste tjue åra, medan rekrutteringa har vore låg i seinare år. Rekrutteringa ligg no i underkant av langtidsgjennomsnittet, fortel Sigbjørn Mehl, som er vara til ACOM (ICES’ rådgjevande komité).

Nedgangen i fleire av dei andre råda kjem også av endringar i sjølve kvoterådgjevinga; og ikkje frå negative observasjonar av bestandane ute i felt. Spesielt raudspetta er i god forfatning. Dei siste åra har gytebestanden vore på eit rekordhøgt nivå.

Ventar med rådet for hyse

Arbeidsgruppa for botnfisk i Nordsjøen fekk uventa store variasjonar i resultata for hyse samanlikna med tidlegare år, og rådet for hyse er difor først klart til hausten.

– Etter råd frå både arbeidsgruppa og ei eiga evalueringsgruppe er rådgjevinga utsett. ICES gjennomfører no ei grundig vurdering av metodar og data for denne bestanden. Kvoterådet for hyse for 2017 er truleg klart i midten av november, seier Sigbjørn Mehl.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.