DEL

Pelagisk Forening hadde gjerne sett at større deler av dei 100 millionane som er løvd til Forskingsrådet, til forsking på petroleumsteknologi, heller hadde blitt løvd til bestandsforsking.


( 07.10.2016 )

Pelagisk Forening er glad for at Regjeringa aukar løyvingane til Havforskingsinstituttet med 10 millionar. Det er viktig at desse ekstraløyvingane går til den viktige bestandsforskinga, og på dei kommersielt viktigaste artane, sild, makrell, kolmule, lodde og torsk.

Pelagisk Forening hadde gjerne sett at større deler av dei 100 millionane som er løvd til Forskingsrådet, til forsking på petroleumsteknologi, heller hadde blitt løvd til bestandsforsking. Det er andre året Forskningsrådet får 100 millioner kroner ekstra til bruk til forsking på petroleumsteknologi, og deler av denne løyvinga burde gått til den viktige fiskerinæringa.

Pelagisk Forening registrerar at rederiskatteordninga blir utvida til òg å omfatte vindmøllefartøy, og meiner at på sikt bør det vurderast om ordninga òg bør omfatta fiskefarty.

Elles er Pelagisk Forening glade for at satsen på allmenn inntekt blir redusert, frå 25 til 24 pst. Pelagisk Forening er òg glade for at skattesatsen på allmenn inntekt i Nord-Troms og Finnmark blir redusert tilsvarande. (Frå 21,5 prosent til 20,5 prosent.)

Pelagisk Forening er negativ til at mineraloljeavgifta skal auka med 20 øre per liter, då det vil kunne påføra næringa ekstra kostnadar.

Auka avgifter er kostnadar som vil kunne svekka norsk fiskerinæring sin konkurranseevne. Me registrerer at i provenyanslaget er det tatt omsyn til kompensasjonar på utgiftssida, og vonar fiskeflåten blir kompensert 100 %. Dette fordi over 90 % av norske fangstar blir eksportert til utlandet, og det er viktig at norsk fiskerinæringa ikkje har dårlegare vilkår enn våre konkurrentar i utlandet.

 

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.