Nye muligheter i Søraust-Asia
Thailand (bilde Bangkok) er et av landene i Asean Economic Community

Nye muligheter i Søraust-Asia

Thailand (bilde Bangkok) er et av landene i Asean Economic Community
DEL

Ti søraustasiatiske land planlegg å etablere ein indre marknad i løpet av året. Nå kan norske selskap og andre interesserte lære meir om kva det har å seie for norske næringsinteresser i Søraust-Asia.


( 08.05.2015 )

Landa i samansluttinga av søraustasiatiske statar (Asean) ønskjer å samarbeide om ein indre marknad.

– Ein indre marknad i Søraust-Asia kan styrke ein allereie raskt voksande region. Nå må norsk næringsliv være vakne, og følgje med på det som skjer i eit av verdas mest spennande område, seier næringsminister Monica Mæland (H).

 

Ein indre marknad kan innebere mindre toll, enklare tollprosedyrar og friare flyt av arbeidskraft og tenester. EU er på ballen og diskuterer nå med Asean om dei skal ta opp igjen forhandlingane om ein handelsavtale.

 

– Dei siste åra har vi fått på plass ein god dialog med Asean. No ser vi på korleis vi kan utvikle det gode samarbeidet vidare. Norske selskap bør også ha eit aktivt forhold til det som skjer i regionen, så dei står best mogleg stilt for å tene på det auka regionale samarbeidet, seier Mæland.

 

Den asiatiske utviklingsbanken forventar at landa i Søraust-Asia vil drive fram veksten i verdsdelen dei komande åra. Over 250 norske selskap er i Asean-landa i dag; i Brunei, Filippinane, Indonesia, Kambodsja, Laos, Malaysia, Myanmar, Singapore, Thailand og Vietnam. Varehandelen mellom Noreg og desse landa er tredobla det siste tiåret. Samla er dei Noregs 11. viktigaste handelspartnar.

 

Inviterer til seminar

Nærings- og fiskeridepartementet og Innovasjon Noreg inviterer til seminar 15. juni på Felix Konferansesenter i Oslo. Seminaret vil handle om etableringa av Asean Economic Community (AEC) og kva dette kan innebere for norsk næringsliv. Næringsminister Monica Mæland og generalsekretær i Asean Le Luong Minh opnar seminaret.

 

Seminaret er gratis og ope for alle. Her vil norske bedrifter med interesser i regionen kunne byggje nettverk og speed-date representantar frå Innovasjon Noregs kontor i Søraust-Asia. For meir informasjon om seminaret og påmelding, sjå her.

 

Fakta om Asean:

  • Asean er ein samanslutning av ti land i Søraust-Asia; Brunei, Filippinane, Indonesia, Kambodsja, Laos, Malaysia, Myanmar, Singapore, Thailand og Vietnam.
  • Stifta i 1967 for å styrke økonomisk, sosial og kulturell utvikling mellom medlemslanda.
  • Asean har over 620 millionar innbyggarar og landa er i sterk vekst.
  • Samla har dei verdens 7. største økonomi, med eit brutto nasjonalprodukt på 2500 milliardar dollar.
  • Planlegg å etablere ein indre marknad innen utgangen av året ved navn Asean Economic Community (AEC).

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.