DEL

Eidsvaag Pioner, det fyrste fartøyet basert på det prisbelønte Environship-konseptet frå Rolls-Royce, vart levert frå Vard Aukra denne veka.


( 31.05.2013 )

[raw]

Eigaren er Eidsvaag AS, og det nye fartøyet vil revolusjonere fiskeforbåtmarknaden med ein unik kombinasjon av nyskapande teknologi og design som vil redusere CO2 utsleppa med opptil 40% samanlikna med tilsvarande dieseldrevne fartøy.

 

– Vi er synes det er hyggeleg å sjå denne avanserte båten legge frå kai og starte på jobben den skal gjere. Dette er det fyrste nybygget av dette nye designkonseptet vårt, og det er alltid eit stort augeblink å sjå designa våre gå frå teikningsstadiet til ferdige båtar, seier Rune Ekornesvåg, salgssjef for handelsfartøy i Rolls-Royce.

 

Når Eidsvaag Pioner no kjem i operasjon, skal ho gå i rute langs norskekysten og levere fiskefor til fiskefarmar  på vekentleg basis, uansett verforhold. Fartøyet skal operere ved hjelp av dynamisk posisjonering inn mot fiskeforflåtene, og held dermed stabil posisjon ved hjelp av thrusterane i staden for å måtte fortøye til foringsflåten. For sikkerhetsskyld er Eidsvaag Pioner også utstyrt med dyse rundt propellen for å unngå å få flåtefortøying inn i propellen. Foret vert lagra i 62 spesialdesigna tankar om bord, og vert levert over baugen ved hjelp av ei teleskopkran.

 

– Vi ser fram til å ta i bruk dette fartøyet, som er det fyrste av Environship-konseptet. Vi har store forventningar til både design og utstyr, og vi håpar og trur at dette vil gjere oss enda betre i stand til å løyse morgondagens utfordringar, seier Vidar Eidsvaag, driftssjef i Eidsvaag AS.

 

Environship-konseptet inneber ei patentert baugform som reduserer bylgjemotstand med opp mot ti prosent samanlikna med konvensjonelle baugar, og gjer at fartøyet kan oppretthalde farta sjølv i grov sjø. Dette betyr at operatørar kan halde krevjande tidsskjema utan å måtte bruke ekstra drivstoff for å ta att tapt tid. I tillegg er Eidsvaag Pioner utstyrt med gassmotor frå Rolls-Royce, samt eit integrert ror- og propellsystem, kalla Promas, som syter for auka effektivitet og redusert drivstofforbruk. Vidare er fartøyet utrusta med ein hybrid akselgenerator som optimaliserer energibruken i operasjon.

 

Environship- konseptet kan tilpassast ulike skipstyper, og ei rekkje av denne typen design er under bygging. Nor Lines får til dømes levert to lasteskip i løpet av året.

 

– Vi har blitt nominerte og vunne fleire prisar for dette konseptet, og det gir oss tru på at det vi gjer er rett, og motivasjon til å halde fram med å utvikle grøn teknologi, seier Ekornesvåg.

 

Konseptet vann Next Generation Ship Award på Nor-Shipping messa i 2011, og er i år nominert til Årets Skip med Eidsvaag Pioner på same messa. I tillegg vann Environship Green Ship Technology Award i Tyskland tidlegare i år.

 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.