DEL

Kleven har signert kontrakt med eit fransk fiskeriselskap om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.


( 17.12.2015 )

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft hausten 2017, og er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce. Dette vert søsterskip til to fartøy bygd på same design, kontrahert av DFFU i juni i år.

– Det er veldig kjekt å kunne gje våre tilsette ei slik nyheit no like før jul, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven. Denne kontrakten er med på å sikre full sysselsetting på Myklebust Verft dei neste to åra.

– Dette vert det fjerde fiskefartøyet Myklebust Verft har skrive kontrakt på sidan sommaren. I tillegg har verftet fått kontrakt på bygging av ein stor brønnbåt. Fleire av desse båtane har Rolls-Royce-design og store utstyrspakkar for same selskap, og vi set stor pris på det samarbeidet vi har fått med Rolls-Royce her, seier Ståle Rasmussen.

Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet. Kunden er Compagnie Des Peches Saint-Malo S.A. & SAS Comptoir Des Peches D’Europe Du Nord – Euronor.

Kleven har no 17 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av nær 11 milliardar kroner.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.