DEL

I Nord Noreg slepper fisketuristane ut igjen anslagsvis 66 prosent av torskefangsten. Dermed ligg Noreg heilt i tet i Europa; berre i England blir det sleppt ut meir torsk.


( 05.08.2013 )

[raw]

For første gang er omfanget av fang-og-slepp (catch-and-release) i sjø i Europa systematisert og samanlikna. Studien viser at i snitt blir godt over halvparten av dei europeiske fritidsfiskefangstane av torsk sleppt ut igjen. Også for lyr, sjøaure og havabbor er det stort utslepp.

 

Overraskande stort omfang

– Vi visste frå før at det er varierande tradisjon for fang-og-slepp i Europa, men det var overraskande at omfanget var såpass stort i dei fleste av dei undersøkte landa, seier Keno Ferter. Han er doktorgradsstipendiat på Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet og hovudforfattar på fang-og-slepp-studien, som nyleg er publisert i ICES Journal of Marine Science.

Keno Ferter fortel at fritidsfiskarane slepp ut att fisken av grunnar som varierer frå art til art og land til land. Reguleringar, som til dømes at fisken er under minstemål, er ei forklaring, men mange fritidsfiskarar praktiserer også frivillig fang-og-slepp av etiske grunnar.

 

Mest utslepp i Nord Noreg

Mens fritidsfiskarane i Polen tar vare på så godt som heile torskefangsten, er fisketuristane i Noreg i hin enden av skalaen. Her slepp fisketuristane ut seks av ti torskar. Bare i England blir det sleppt ut meir torsk. Engelske fritidsfiskarar lar 70 prosent av torskefangsten gå tilbake i sjøen.
 Keno Ferter fortel at det er ein viss forskjell også innanfor Noregs grenser. Mens sleppraten er 62 prosent i sør, er den på 66 prosent nord i landet.

– Det er langt lettare å få fisk i Nord Noreg, og dermed er det naturlig at det også er her det blir sleppt ut igjen mest fisk. Turistfiskarane får raskare fiska opp kvoten sin, og dei kan vera meir kresen og velja vekk fisken dei ikkje liker, forklarar han.

 

Kor mykje fisk overlever?

Sjølv om ein etter kvart har tal for kor mykje fisk fritidsfiskarane og fisketuristane slepper ut att, er det ikkje kjent kor mykje av denne fisken som faktisk overlever. Dersom ein stor del av fisken døyr, vil det påverka det totale uttaket til fritidsfiskarane. Er overlevinga høg, betyr fang-og-slepp mindre for uttaket.

– Det er viktig for forskarane å vita omfanget både av fang-og-slepp og overlevingsraten hos fisken. I andre land vert fangsten til fritidsfiskarar – både det dei slepp ut att og det dei tar med seg til lands – kartlagt, men i Noreg har vi bare data for fisketuristar som er tilknytt organiserte turistfiskebedrifter. Når det gjelder det norske fritidsfisket generelt veit vi svært lite. Dermed er fangsttala frå heile det norske fritidsfisket svært usikre, og det går igjen utover uttaksestimata for dei norske artane, seier Keno Ferter.

 

Betre retningslinjer

Keno Ferter er i gang med merkeforsøk for å finna ut korleis torsk og annan fisk klarar seg etter at dei er sleppte fri. I tillegg undersøker han om det er fiskeutstyr som aukar sjansen for at fisken overlever. Keno Ferter påpeikar at det er behov for informasjonsfoldarar etc. som viser fiskarane korleis fisken skal behandlast for å klara seg etter at den er sleppt ut igjen. Slike finst allereie i land som for eksempel USA og Australia.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.