DEL

Over 12.000 fisk vart i 2015 undersøkte for ulovlege og uønskte stoff. Resultata frå denne overvakinga viser at det er trygt å ete norsk oppdrettsfisk.


( 04.10.2016 )

Kvart år overvaker NIFES norsk oppdrettsfisk på oppdrag for Mattilsynet. Overvakinga skal sjekke at oppdrettsfisken som skal etast av menneske ikkje inneheld uønskte stoff i helseskadelege mengder. I tillegg vert det undersøkt om ulovlege legemiddel blir brukt i oppdrett av fisk. Dette kontrollsystemet er i samsvar med EU sine retningsliner.

I fjor undersøkte NIFES 12.285 fisk. Nesten 40 prosent av desse vart analyserte for ulovlege stoff, 35 prosent vart undersøkte for legemiddel og om lag 25 prosent vart analyserte for uønskte stoff. Alle prøvane vart henta inn av inspektørar frå Mattilsynet.

Oppdrettsfisken vert i hovudsak analysert som samleprøvar. Kvar samleprøve består av fem fisk frå same merd, og resultatet vert rekna som representativt for den merden.

Ulovlege stoff
Prøvane vart analyserte for ei rekkje ulovlege stoff. Restar av stoffet krystallfiolett vart påvist i ein rutineprøve og fem tilleggsprøvar frå eitt oppdrettsanlegg. Mattilsynet undersøkte saka og konkluderte med at desse prøvane hadde vorte forureina under prøvetaking. Ingen spor av andre ulovlege stoff vart funne.

Legemiddel
Ingen av dei undersøkte prøvane inneheldt legemiddel med nivå over det som er sett som øvre grense for fisk. Dei einaste stoffa som vart funne i målbare mengder i prøvane var lakselusmidla emamectin, cypermetrin og diflubenzuron som vart påvist i totalt 21 prøver (seks prosent). Det vart funne spor av lusemiddel i ein høgare prosentdel av prøvane i år enn tidlegare år. Nivåa var likevel godt under den fastsette grenseverdien.

Miljøgifter
Av miljøgifter vart oppdrettsfisken mellom anna undersøkt for dioksin og dioksinliknande PCB, tungmetall, pesticid og bromerte flammehemmarar. Ingen av miljøgiftene hadde nivå over EU si fastsette maksimumsgrense.

Den generelle trenden for dei fleste miljøgiftene som vert analysert i dette programmet, viser at nivåa i oppdrettslaks har gått betydeleg ned dei siste 10-12 åra. Dette skuldast hovudsakeleg overgangen frå marine ingrediensar, fiskemjøl og fiskeolje til meir vegetabilske ingrediensar i fôret.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.