DEL

88 prosent av fiskeoppdrettarane har søkt om kapasitetsauke. – Det er bra at så mange søkjer. Til fleire som tar i mot tilbodet, til betre kan miljøverknaden av veksten bli, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.


( 08.09.2015 )

Regjeringa har tilbydd fem prosent vekst  mot strenge lusekrav: Ikkje meir enn 0,2 vaksne holus per oppdrettsfisk og maksimalt to medikamentelle behandlingar per produksjonssyklus. Miljøkrava som er knytt til denne veksten vil gjelde for heile oppdrettsløyvet og er blant dei strengaste krava som nokon gang er stilt.

– Strenge krav om medikamentbruk er svært viktig for å unngå at lusa utviklar resistens, seier Aspaker. Vederlaget for kapasitetsauken er sett til 1 million kroner, og halvparten av vederlaget går til vertskommunane.

– Kommunane er viktige samarbeidspartnarar for havbruksnæringa, og eg meiner det er rett at store deler av vederlaget for auka kapasitet går tilbake til kommunane, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Fristen for å betale vederlaget er 1. desember 2016. Det er ikkje mogleg å ta i bruk den auka kapasiteten før vederlaget er innbetalt, og dei strenge lusekrava vil gjelde frå det tidspunktet den auka kapasiteten blir tatt i bruk. Dersom vederlaget ikkje er betalt innan fristen 1. desember 2016, fell tilbodet om kapasitetsvekst bort.

Regjeringa vil parallelt med denne kortsiktige vekstrunden følgje opp arbeidet med det nye langsiktige vekstsystemet som Stortinget vedtok nyleg. Det systemet skal vere på plass tidleg i 2017.

-Vi legg med dette til rette for ein miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Denne veksten vil samtidig stimulere til å tenkje nytt og til å utvikle driftsformer og teknologi som kan vere med å redusere utfordringane med lakselusa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Oversynet viser kor mange som søkjer i kvart fylke:

Fylke Talet på løyve Talet på søkjarar Prosentdel
Finnmark 100 100 100 %
Troms 106 104 97,1 %
Nordland 165 129 78,1 %
Nord Trøndelag 71 63 88,7 %
Sør Trøndelag 95 78 82,1 %
Møre og Romsdal 113 85 75,2 %
Sogn og Fjordane 86 68 79,0 %
Hordaland 155 152 98,0  %
Rogaland 57 57 100 %
Vest Agder 16 15 93,7 %
Aust Agder 2 0 0
Totalt 966* 851 88,0 %

*Totaltalet 966 omfattar alle kommersielle matfiskløyve for laks, aure og regnbogeaure i sjø og dei grøne i gruppe A, B.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.