Mellombelse Russlands-tiltak for laks og aure stoppar
Snart slutt på Russland-tiltak for oppdrettsnæringen.

Mellombelse Russlands-tiltak for laks og aure stoppar

Snart slutt på Russland-tiltak for oppdrettsnæringen.
DEL

Som respons på det russiske importforbodet av 7. august 2014 mot mat frå blant anna Noreg, opna regjeringa for at laks- og aureoppdrettarane kunne la fisken stå noko lenger i sjøen for å avhjelpe den vanskelege marknadssituasjonen som oppstod på kort sikt. Dei mellombelse tiltaka for laks og aure stoppar etter 31. mars 2015.


( 09.03.2015 )

– Bortfallet av eit dei viktigaste sjømatmarknadene våre medførte at store volum laks og aure måtte finne nye kundar over natta, og det var viktig for meg å hjelpe til å lette omstillinga som måtte skje i løpet av veldig kort tid, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

 

Importforbodet har skapt dei største utfordringane for aurenæringa. Etter importforbodet er eksporten av aure redusert med om lag 20 prosent i både volum og verdi. Samtidig tyder det på at moglegheita til å la fisken stå lenger i sjøen i varierande grad har blitt utnytta, ettersom ståande biomasse av aure er lågare enn på same tid i fjor.

 

Følgjande tiltak blei satt i verk frå 21. august 2014:

Laks: Maksimal Tillatt Biomasse på konsesjonsnivå blir auka mellombels med 6 prosent til og med 31. mars 2015.
Aure: Maksimal Tillatt Biomasse på konsesjonsnivå blir auka mellombels med 20 prosent til og med 31. mars 2015.

 

Russland stod for 11 og 45 prosent av eksportverdien av laks og aure i 2013, og av den totale sjømateksporten til Russland på 6,5 milliardar kronar i 2013 stod laks og aure for 81 prosent. Trass i importforbodet, blei det sette ny eksportrekord for laks og aure i 2014 med ein eksportverdi på 46,1 milliardar kronar, ei forbetring av den tidlegare bestenoteringa frå 2013 på 9,7 prosent.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.