DEL

Ny forsking viser at lusemiddelet diflubenzuron ikkje ser ut til å ha skadelege effektar på torsken.


( 06.02.2014 )

[raw]

– Vi veit at bruken av diflubenzuron har auka, og at stoffet kan spreie seg i miljøet. Derfor ønskte vi å undersøke effekten på fiskeartar som beitar utanfor merdane, i dette tilfellet torsk, seier forskar ved NIFES, Bjørn Tore Lunestad.

 

Studien, som var basert på forsøk med torsk i kar, er no er klar og viser at diflubenzuron vil kunne bli tatt opp i torsk som beitar på medisinhaldig fôr. Forsøka viste samstundes at stoffet gradvis vart skilt ut av torsken, og etter tre veker var det ikkje målbare mengder att.

 

I forsøket vart det brukt ei standardisert behandling i ein dose på 3 mg/virkestoff per kilo fisk dagleg i 14 dagar, slik stoffet vert bruk til laks i oppdrett.

 

Diflubenzuron hemmar danninga av skal hos lakselus, den mest krevjande parasitten på oppdrettslaks. Bruken av stoffet blir rekna som eit miljøproblem fordi det også kan hindre skaldaninga hos andre artar av krepsdyr som lever rundt oppdrettsanlegg.

 

I studien undersøkte forskarane også korleis diflubenzuron påverka genene i levercellene til torsken som har med avgifting å gjere. Dei fann berre små utslag.

 

– Dette tyder på at diflubenzuron, i dei dosane me har studert, ikkje vil ha skadelege effektar på torsken, seier Lunestad.

 

Det var store variasjonar i konsentrasjonar av diflubenzuron i torskeprøvane, og parallelle undersøkingar ved NIFES viste vidare at konsentrasjonen i filet var lågare en det ein finn i lever frå same fisk. Typiske maksimalkonsentrasjonar  i  torskelever  var om lag 0,2 milligram per kg lever, medan tilsvarande verdi frå filét med tilhøyrande skinn var i området 0,04 milligram per kg prøve.

 

For diflubenzuron har EU fastsett eit akseptabelt dagleg inntak av stoffet via matvarer på 0,0124 milligram/kg kroppsvekt/dag. For å komme over dette inntaket vil en person på 60 kg, måtte ete over 18,5 kilo torskefilét eller 3,7 kg torskelever dagleg med dei typiske maksimalkonsentrasjonane me fann i dette forsøket. Dette er under føresetnad av at torsken var einaste kjelde til diflubenzuron. Diflubenzuron vert også brukt som insektmiddel i landbruket, og det er sannsynleg at også landbruksprodukt bidrar til eksponering for stoffet.

 

Etter bruk av diflubenzuron på oppdrettslaks skal fisken ifølgje reglane haldast tilbake frå slakting i 105 døgngrader (vanntemperatur multiplisert med døgn) etter behandling. Diflubenzuron har aldri blitt funne i norsk oppdrettslaks i stikkprøvane som NIFES årleg utfører for Mattilsynet. Dette forsøket er utført i samarbeid med Havforskningsinstituttet i Bergen (HI), og finansiert av NIFES og HI.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.