DEL

– Dette er eit høgt prioritert område for regjeringa, og eg er glad for at utvalet som skal gå gjennom rammevilkåra til sjømatindustrien er godt i gang med arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.


( 28.11.2013 )

[raw]

– Eg har poengtert at utvalet står fritt i arbeidet sitt til å sjå heile verdikjeda under eitt. Vi kan ikkje isolere sjømatindustrien og sjå bort frå problemstillingar som er aktuelle og relevant i ledda før eller etter. Dette er eit svært kompetent utval, og eg ser fram til å ta i mot utvalet sine tilrådingar til det dei meiner er framtidsretta løysingar på utfordringane som finst i dei ulike deler av næringa, seier fiskeriminister Aspaker.

 

Utvalet som skal vurdere rammevilkåra til sjømatindustrien hadde møte i Oslo i går. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og medlemmene i utvalet gjekk gjennom mandatet og drøfta viktige sider ved utvalet sitt arbeid.

 

– I regjeringserklæringa legg vi vekt på at lønnsemda i alle deler av næringa er ein viktig føresetnad for å sikre trygge arbeidsplassar. Eg er svært opptatt av å få til ein nasjonal debatt, dette er nødvendig for å få fram kva næringa betyr og kan bidra med i eit framtidig perspektiv, seier fiskeriminister Aspaker, som meiner utvalet har fått norsk sjømatnærings viktigaste oppdrag.

 

Sjømatindustriutvalet skal levere arbeidet sitt innan utgangen av 2014.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.