DEL

Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til fiskeridirektør for ein ny åremålsperiode på seks år.


( 19.09.2014 )

– Fiskeridirektoratet legg til rette for lønnsam og verdiskapande næringsaktivitet langs kysten. Liv Holmefjord har i sin første åremålsperiode som fiskeridirektør vist seg godt kvalifisert til å leie dette arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

 

Fiskeridirektoratet vart etablert i Bergen i 1900. Direktoratet gir råd til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis fiskeri- og havbruksnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde. Dei faglege oppgåvene i Fiskeridirektoratet er delt i dei tre hovudområda havressursforvaltning, havbruksforvaltning og marin arealforvaltning.

 

Liv Holmefjord (52 år) er utdanna siviløkonom ved Noregs handelshøgskole. Ho var assisterande fiskeridirektør i fire år frå 2004 før ho vart utnemnd til fiskeridirektør 1.oktober 2008. Før det arbeidde ho i Statens Fiskarbank og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.

 

Fiskeridirektoratet er Nærings- og fiskeridepartementet sitt fremste rådgivande og utøvande organ i fiskeri- og havbruksforvaltninga. Direktoratet har om lag 450 årsverk fordelt på hovudkontoret i Bergen, 7 regionkontor og 21 lokale fiskerikontor.

 

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.