DEL

Tungmetallnivå i torsk tatt i Salten i Nordland er svært låge.Det viser resultat frå det årlege overvakings- og kartleggingsprogrammet ”Forurensede havner og fjorder” som NIFES utfører på oppdrag frå Mattilsynet. Bakgrunnen for årets undersøking er tidlegare funn av tungmetallet kadmium i høge konsentrasjonar i krabbe tatt i Saltenområdet.


( 28.10.2013 )

[raw]

Det har tidlegare også vore registrert funn av plantevernmiddelet toksafen i torsk fanga i Bodø hamn, og NIFES analyserte difor også for fleire plantevernmiddel, blant desse toksafen. Konsentrasjonane var låge og ikkje høgare enn det som er funne andre stader langs norskekysten.

 

– Analysane viser at nivå av kadmium og andre tungmetall og plantevernmiddel i torsk er så låge at det ikkje er noko problem for mattryggleiken, seier forskingssjef ved NIFES, Robin Ørnsrud.

 

NIFES analyserte filet frå 108 torsk og 23 samleprøver av lever for ei rad tungmetall, mellom andre kadmium, arsen og kvikksølv. Konsentrasjonane av tungmetall i torskefilet var alle under EUs grenseverdiar for omsetning av fisk til humant konsum.

 

Verdiane av kadmium var gjennomsnittleg 25 gonger lågare enn grenseverdien (0,05 mg kadmium/kg) i filet. Konsentrasjonen av kadmium var litt høgare i lever fanga vest for Bodø samanlikna med fisk tatt utanfor Fauske. Forskarane kjenner i dag ikkje grunnane til denne skilnaden.

 

På oppdrag for Mattilsynet undersøkte NIFES i 2011 nivå av kadmium i brosme, kveite og uer frå Salten-området. Også i denne undersøkinga var konsentrasjonane låge og under grenseverdiane.

 

Overvakings- og kartleggingsprogrammet ”Forurensede havner og fjorder” har som mål å skaffe kunnskap om forureinande stoff i fisk og sjømat som blir tatt gjennom fritidsfiske og til privat konsum. Rapportane frå NIFES er grunnlag for Mattilsynets kosthaldsråd som alle blir lagt ut på matportalen.no.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.