DEL

Dei fyrste resultata frå overvakinga av lakselus langs kysten av Vest- og Midt-Noreg viser at det truleg var lågt infeksjonspress frå lakselus under utvandringa til både sjøaure- og laksesmolt. Årsaka er truleg den kalde og seine våren i kombinasjon med tiltak frå forvalting og næring.


( 19.06.2013 )

[raw]

Dette kjem fram i den foreløpige statusrapporten om lakselusinfeksjon på vill laksefisk som Havforskingsinstituttet har levert til Mattilsynet. Overvakinga blir utført av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA). Også UNI Miljø deltek i arbeidet.

 

Betre enn i fjor

– Dei foreløpige tala indikerer at infeksjonspresset frå lakselus så langt har vore svært lavt i Rogaland. Infeksjonspresset har også vore lavt i Hardangerfjordsystemet, Sognefjordsystemet og Romsdal- og Trondheimsfjordsystemet, og lakselussituasjonen er til no i år betydelig betre enn i fjor, seier Pål Arne Bjørn som leiar den nasjonale overvakinga.

 

 I rapporten konkluderar forskarane med at resultata til no tyder på at 2013 blir eit år med  lavt infeksjonspress langs delar av Vest- og Midt-Noreg om våren og forsommaren, og at både sjøaure- og laksesmolt ser ut til å ha fått lave infeksjonar under smoltutvandringa.

 

Infeksjonspresset aukar med temperaturen

Overvakinga held fram utover sommaren, og då vert også områda frå  Namsenfjordsystemet og nordover inkludert. Sidan lakselusa si utvikling mellom anna er avhengig av sjøtemperaturen, tek det lenger tid før infeksjonspresset aukar i nord og overvakinga startar dermed seinare i dette området. Etter kvart som temperaturen stig, vert det også meir lus.

 

 – Vi ventar at infeksjonspresset vil auke langs heile kysten utover sommaren og hausten, det er ei naturleg utvikling etter kvart som sjøtemperaturen stig, seier Bjørn.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.