DEL

Ingen av dei ti tunfiskprodukta NIFES har undersøkt hadde kvikksølvkonsentrasjonar over grenseverdi.


( 31.08.2016 )

På oppdrag frå Mattilsynet har NIFES analysert mengda av kvikksølv i ti ulike produkt av hermetisert tunfisk innkjøpt i butikkar i Bergen. Tunfisk er eit samleomgrep på ei undergruppe av makrellfamilien. Dei kan lagre høge konsentrasjonar av kvikksølv i fileten, fordi dei er rovfisk, som i tillegg vert gamle og store. Mengda av kvikksølv aukar med storleik og alder på fisken.

I Noreg er ein stor del av tunfisken som vert omsett hermetisert. Hermetisk tunfisk har ofte lågare konsentrasjonar av kvikksølv enn fersk tunfisk. Dette kan forklarast med at det truleg er dei minste tunfiskartane som vert nytta i hermetiserte tunfiskprodukt.

Ingen over grenseverdi

I denne undersøkinga kjøpte vi inn ti ulike produkt av hermetisert tunfisk i daglegvarebutikkar i Bergen. Vi analyserte fem boksar av kvart tunfiskprodukt, tre boksar frå same produksjonsrunde, og ytterlegare to boksar frå to andre produksjonsrundar.

Det var stor variasjon i kvikksølvkonsentrasjonane i dei ti tunfiskprodukta som vart analyserte, men ingen av dei hadde nivå som var over grenseverdiane for kvikksølv (1,0 milligram per kilo) som er fastsett i EU og Noreg.

Ni av ti av tunfiskprodukta hadde gjennomsnittskonsentrasjonar av kvikksølv under 0,1 milligram per kilo, det vil seie mindre enn ein tidel av grenseverdien. Det siste tunfiskproduktet hadde ein gjennomsnittsverdi på 0,25 milligram per kilo.

Varierande konsentrasjonar

Det var til dels stor variasjon i kvikksølvkonsentrasjonen mellom ulike boksar av same produkt. For dei fleste produkta var det liten variasjon i mengda av kvikksølv i boksane som stamma frå same produksjonsrunde, medan variasjonen mellom dei ulike produksjonane var mykje større. Trass i dette viser resultata at ei overskriding av grenseverdien for kvikksølv i desse produkta er lite sannsynleg.

I tillegg til kvikksølv vart tunfisken analysert for kadmium, bly og arsen. Nivåa av desse stoffa var låge, og ingen av tunfiskprodukta hadde verdiar over grenseverdiane som er fastsett for kadmium og bly.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.