DEL

Listeriose har aldri blitt spora tilbake til norske lakseprodukt, men ein kan ikkje sjå bort frå laks som mogleg kjelde, ifølgje ny studie.


( 08.10.2013 )

[raw]

Ei undersøking av tre produksjonsbedrifter for oppdrettslaks ulike stader i Noreg identifiserte 15 typar av Listeria monocytogenes. Dette er den eine arten av Listeria-bakteriar som kan føre til sjukdom hos foster, nyfødde barn og personar med svekka immunforsvar.

 

Til saman 9 av dei 15 typane var av ein genetisk variant forskarane fann igjen hos pasientar med listeriose, sjukdomen som kan bli utløyst av L. monocytogenes.

 

– Ein kan ikkje på bakgrunn av dette slå fast at fisk er kjelda til listeriose i dei undersøkinga vi har gjort. Men det er heller ikkje råd å sjå heilt bort frå det. Laks er ei av fleire potensielle kjelder til L. monocytogenes, seier forskar ved NIFES, Bjørn Tore Lunestad.

 

Listeria-bakteriar har lenge vore kjent som ei utfordring ved tilverking av  mat, inkludert produksjon av sjømat. Bakterien finst tidvis i produksjonsmiljøa, til dømes på utstyr som er slite eller vanskeleg å halde reint. Listeria er svært levedyktig, men varmebehandling drep bakterien.

 

Lunestad understrekar at listeriose oftast rammar i form av spreidde enkelttilfelle, langt sjeldnare i form av utbrot der fleire blir ramma av same bakterie frå same kjelde. Dei siste ti åra har det vore mellom 7 og 50 diagnostiserte tilfelle av listeriose i Noreg. I dei aller fleste tilfella av matvareboren listeriose kjenner ein ikkje til kva matvare som er ansvarleg. I Noreg er det tidlegare blitt registrert tre utbrot med kjend matkjelde, og ingen av desse var knytt til sjømat.

 

I 2007 vart 21 menneske diagnostisert med listeriose  der bakterien vart spora tilbake til ost produsert på eit gardsmeieri. I 2005 vart tre sjukdomstilfelle konstatert i Ålesund, kjelda var truleg kjøtpålegg og utstyr for kutting av pålegg. I 1992 var kjøtpålegg kjelda til eit utbrot i Trøndelag der 8 tilfeller av listeriose vart registrert.

 

Studien av laks er eit samarbeid mellom NIFES og Folkehelseinstituttet. Forskarane isolerte bakteriar frå produksjonsbedrifter og samanlikna dei med bakteriar som var  henta frå pasientar med listeriose. Til saman 9 av dei 15 typane ein fann var identiske med bakteriar funne hos menneske med listeriose. Dette betyr at ein ikkje kan sjå bort frå laks som ei av fleire mogelege kjelder til listeriose hos menneske, sjølv om denne studien ikkje er eit prov for ein slik samanheng.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.