DEL

Barske, nordlige havområde stiller andre krav til eit forskingsskip enn rolig tropehav. «Dr Fridtjof Nansen» får ikkje berre nytt namn – etter fem månader på verft er deler av skroget nytt. Store mengder gamal rust er bytta ut med nytt stål.


( 02.12.2016 )

Ombygginga av gamle «Dr Fridtjof Nansen» til «FF Kristine Bonnevie» blei dobbelt så dyr og tok dobbelt så lang tid som antatt, men til gjengjeld blir båten dobbelt så bra. Det fortel rederisjef Per Nieuwejaar på Havforskingsinstituttet.

Lettare og meir stabil

Etter fem månader på verft i Måløy, er forskingsskipet kraftig oppgradert. Meir enn 20 år hektisk innsats i tropiske farvatn har gått hardt utover skrog og inventar, og no er båten rigga for heilt andre breiddegrader på alle vis. Blant anna er det lagt varmekablar i alle badegolv og bygt innandørs fiskelab og trålmesse.

– I denne omgang er det gjort mest slikt som ikkje viser, seier rederisjefen, som fortel at det enno står att ein del arbeid på båten. Det vil bli gjort innimellom tokt og andre oppdrag.

– «Kristine Bonnevie» skal i hovudsak gå kysttokt, men det kan også bli snakk om kortare tokt i nord. Det er heilt andre krav til stabilitet for skip som skal gå i arktiske strøk og risikerer nedising. Så båten er generelt blitt lettare, og så har vi lagt inn ein blykjøl på 90 tonn rundt den eksisterande kjølen, forklarar Per Nieuwejaar.

Splitter moderne ekkolodd

No framstår skipet meir likt forskingsskipa «G.O. Sars» og «Johan Hjort» som er bygt på same verft. «Kristine Bonnevie» kan imidlertid skilta med eit splitter nytt EK 80, som er neste generasjons ekkolodd og går på breiband. Det skal installerast på heile flåten, men Bonnevie er altså først ut. I tillegg er båten utstyrt med naudsynte vinsjar, kranar og anna utstyr som trengs under forskingstokta.

I tropiske strøk kunne ein del laboratoriearbeid gjerast på dekk; det er utelukka i Barentshavet. Alt av lab-fasilitetar er ikkje på stell enno, men Nieuwejaar ser for seg at det vil koma på plass i neste oppgraderingsrunde til våren.

«Kristine Bonnevie» er oppgradert med motkonjunkturmidlar som vart løyvd våren 2016. Den offisielle namneendringa skjer 5. desember på Nykirkekaien. Før den tid har skipet fått prøva seg på sitt første tokt i ny drakt. Det er eit snittokt i Nordsjøen.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.