DEL

Kva fiskeartar er det eigentleg i fiskeprodukta du kjøper i butikken? Det vil NIFES finne svar på.


( 13.06.2016 )

Studiar i USA og Europa har avdekka omfattande feilmerking av fiskeprodukt. Det vil seie at fiskeprodukt i butikken inneheld filet frå andre artar enn det som står på merkelappen. Til dømes hender det at filetar frå lågare prisa fisk vert seld som høgare prisa artar.

– I ei undersøking av 1200 ulike sjømatprodukt frå utsalsstader i heile USA, var over 30 prosent feilmerka. Dette kan vere eit problem, til dømes for matallergikarar, forklarar Pål Olsvik, som jobbar som forskar hjå NIFES.

Ein av artane som oftast var feilmerka i den amerikanske undersøkinga var tunfisk. Men feilmerking er ikkje berre eit problem som gjeld fiskeprodukt. Sidan 2013 har Mattilsynet gjennomført ei årleg undersøking, kalla «Merkesjekken. I 2015 vart ulike kjøtprodukt undersøkte, og det viste seg at meir enn 50 prosent av varene var feilmerka.

DNA-identifisering

Dei siste åra har NIFES jobba med ein metode for identifisering av dei mest selde fiskeartane i Noreg. Metoden er basert på DNA-identifisering. Fordi alle organismar har unikt DNA, kan arvestoffet brukast til å identifisere art.

– Slike metodar vil gje myndigheitene ein reiskap som kan slå fast om fisk som vert importert og seld i Noreg er riktig merka, og ikkje inneheld noko anna enn det som er oppgitt, seier Pål Olsvik.

Ved å ta i bruk denne framgangsmåten, kan vi altså seie noko om kva fiskeartar som inngår i reine fiskeprodukt på den norske marknaden.

Fleire titals artar

Etter at metodane er ferdig etablerte, vert dei testa. Fisk kjøpt i butikk vert testa opp imot fiskedatabasen, som består av nærare 90 artar som vert seld i Noreg og utlandet. Neste punkt på programmet er å finne ein metode for å bestemme art og mengde av kvar art i blandingsprodukt, som fiskekaker og fiskebollar. Dette har vist seg å vere hakket meir utfordrande.

– Fiskeprodukt som vert selde i Noreg kan potensielt bestå av filet frå fleire titals artar. Vår metode kan til ein viss grad identifisere enkeltartar i produkta, men gjev ikkje noko godt bilete på mengdeforholda mellom artane, seier Olsvik, som no jobbar vidare med å forbetre metodane.

Hestekjøt i lasagne

Det kanskje mest kjende tilfellet av feilmerking av matvarer fann stad då det i 2013 vart gjort funn av hestekjøt i ei mengd storfeprodukt rundt om i Europa. I Noreg vart det gjort funn av hestekjøtt i fleire typar ferdiglasagne seld i daglegvarebutikk.

Etter desse avsløringane bad Mattilsynet NIFES om hjelp til analysere DNA frå umerka hest og svin i matvarer. NIFES er utpeika som norsk referanselaboratorium for DNA-basert testing av gris, hest og drøvtyggjande dyr. NIFES analyserer òg DNA frå animalske biprodukt i fôr.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.