DEL

Forhandlingane om fordeling og forvaltning av makrell i 2014 vart avslutta i Bergen fredag. Desse forhandlingane har vore førde på overtid i håp om ei løysing, men heller ikkje denne gongen vart partane einige.


( 03.02.2014 )

[raw]

– Eg hadde i det aller lengste håpa at vi skulle komme fram til ei løysing på fordelingsspørsmålet no, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Noreg la fram nye posisjonar og har strekt seg langt i denne runden. Likevel har vi ikkje sett nokon teikn til bevegelse frå Island og Færøyane.
– Eg er svært skuffa. Alle partar må vise fleksibilitet om vi skal få på plass ein avtale i ei slik vanskeleg sak. Island og Færøyane kan ikkje vente at dei skal få full utteljing for sine krav. Det norske tilbodet var svært generøst samanlikna med utbreiinga og vandringsmønsteret til makrellen, seier fiskeriminister Aspaker. Noreg og EU legg opp til bilaterale forhandlingar i Oslo i veke 7.

 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.