DEL

Miljøundersøkingar under oppdrettsanlegga syner at ein produksjonsauke på 18 prosent frå 2011 til 2012 ikkje har forverra miljøtilstanden.


( 12.02.2013 )

[raw]

Norske oppdrettsanlegg auka produksjonen frå cirka 1,1 millionar tonn i 2011 til 1,3 millionar tonn i 2012, ifølgje statistikk frå FHL (Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening).

 

– Denne produksjonsauken på 18 prosent har ikkje ført til ei hardare belastning på oppdrettslokalitetane, seier Henrik Hareide som er sjef for tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

 

Han bygger dette på at Fiskeridirektoratet si miljøovervaking under anlegga (MOM-B-undersøkingar) syner den same gode tendensen i 2012 som i 2011: I 2012 hadde 93 prosent av anlegga «god» eller «veldig god» miljøtilstand under anlegga. Sjå tabell.

 

(Nedst på denne sida er ein faktaboks som forklarer kva MOM-undersøkingar er.)

 

Tabell: Miljøtilstanden under oppdrettsanlegg i 2011 og 2012, per 31.12.2012.
Miljøtilstand under anlegga 2011 2012
1 – veldig god 71 % 73 %
2 – god 20 % 20 %
3 – dårleg 7 % 6 %
4 – veldig dårleg 1 % 1 %
Totalt 100 % 100 %

 

Vert underbygd av Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet si risikovurdering av norsk fiskeoppdrett for 2012 stadfestar inntrykket av at dagens produksjonsvolum generelt ikkje medfører risiko for lokal og regional overbelastning på grunn av utslepp av organisk stoff og næringssalt.

 

– Ein gjennomgang av 37 MOM-C-undersøkingar frå Hordaland og Nordland i Havforskingsinstituttet si risikovurdering syner langt på veg den same fordelinga av tilstandsklasser som Fiskeridirektoratet sitt store materiale av MOM-B-undersøkingar, fortel Hareide.

 

– I risikovurderinga frå Havforskingsinstituttet har over 80 prosent av oppdrettslokalitetane ei fjernsone som er «god» eller «veldig god» (tilstand 1 og 2 i tabellen). (Fjernsona er den delen av influensområdet som av naturlege årsaker kan ha dårlege miljøtilhøve.) Og ingen stader er fjernsona i dårleg eller veldig dårleg tilstand.

 

Skuldast gode straumtilhøve
– Ein grunn til at produksjonen kan auke utan at miljøtilstanden vert forverra er at næringa flyttar mot meir eksponerte lokalitetar med gode og stabile straumtilhøve i heile vassøyla, og at ein legg anlegga på tvers av straumretninga, forklarer Hareide.

 

Ifølgje Havforskingsinstituttet vert sedimentering av organisk materiale spreidd utover eit større område på slike straumsterke lokalitetar. Difor vert anlegga berre moderat påverka. På straumsvake lokalitetar vil derimot sedimenteringa verte konsentrert til anleggsområdet.

 

Ni anlegg hadde dårleg nærsone
Framleis er det slik at einskilde lokalitetar utviklar ein uakseptabel miljøtilstand (tilstand 4; «veldig dårleg») i nærsona under anlegget. I 2012 gjaldt dette ni lokalitetar totalt.

 

– Fiskeridirektoratet følgjer sjølvsagt opp desse for å sikre at lokalitetane får regenerere seg og produksjonen vert tilpassa bereevna, understrekar Hareide.

 

Vil utvikle undersøkingsmetoden
Frå 1. mai 2012 har det vore obligatorisk å rapportere miljøundersøkingar til Fiskeridirektoratet via Altinn, men nokre oppdrettslokalitetar har ein botntype der MOM-B-undersøkinga ikkje er ein eigna overvakingsmetodikk. Det gjeld i hovudsak lokalitetar med hard botn, sterkt skrånande botn eller lokalitetar på store djup.

 

Totalt er det oppdaterte miljøundersøkingar for 753 lokalitetar i 2012 – ein auke på 31 lokalitetar frå 2011. Det utgjer 73 prosent av det totale talet lokalitetar.

 

– Fiskeridirektoratet er oppteken av å få etablert overvakingsmetodikk for alle typar lokalitetar, og vil prioritere utvikling og implementering av slik metodikk etter kvart som det nødvendige kunnskapsgrunnlaget er på plass, fortel Hareide.

 

– Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle verktøy for kvalitetssikring av miljøgranskingane for å sikre oss ein god fagleg kvalitet.

 

MOM-undersøkingar

MOM–systemet (Matfiskanlegg – Overvaking – Modellering) består av to typar bløtbunnsgranskingar:

 

MOM-B

  • MOM-B-granskinga angir påverknaden på botnen under anlegget frå tilstand «god» til «meget dårlig» (1-4). Dette er ei trendovervaking som er risikobasert og vert gjort etter faste intervall.
  • Undersøkinga skal utførast av eit kompetent organ, som kan dokumentere fagleg kompetanse og som er uavhengig av oppdragsgjevar.
  • MOM-B skal rapporterast til Fiskeridirektoratet, som skal følgje opp og kvalitetssikre rapportane.

 

MOM-C

  • MOM-C-granskinga vert brukt i influensområdet på anlegget.
  • Undersøkinga skal utførast av eit selskap som er akkreditert for prøvetaking av botnsediment, gjennomføring av taksonomisk analyse og dei faglege vurderingane.
  • Fylkeskommunen kan krevje MOM-C ved søknad om lokalitetsklarering.
  • Fiskeridirektoratet kan pålegge slike granskingar i driftsfasen ved til dømes uakseptabel tilstand eller som ei alternativ gransking.
  • Fylkesmannen har i ein del tilfeller sett krav til MOM-C som eit vilkår i utsleppsløyvet.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.