DEL

Tore Roaldsnes, dagleg leiar i Nordic wildfish, ga mandag innspel til regjeringa sin havstregi. I går møtte han kollegaer under Verftskonferansen i Ålesund. Bodskapen til begge forsamlingane er at Nordic wildfish har svaret på korleis ein kan sikre berekraftig utnytting av verdens fiskeressursar. No gjer fiskeriverksemda seg klar til byggje nye båtar basert på Nordic wildfish sitt EcoFiveä – ECO friendly FIshing VEssel.


( 02.11.2016 )

I tillegg til energieffektivitet, driftssikkerhet og miljø, er EcoFiveä ein produksjonsplattform for differensierte kvalitetsprodukt, og eit trålarkonsept som skal sørge for minimal kvalitetssvekking av råstoff og 100 prosent ressursutnytting.

– Med EcoFiveä har vi allereie svart på hovudpunkta i rapporten til Maritim 21 som næringsminister Monica Mæland fikk overlevert tidlegare i dag under Verftskonferansen. Det vil løne seg – for verksemdene, for Noreg, og for verda – med meir satsing på forsking og nyutvikling, seier Tore Roaldsnes.

Tore Roaldsnes i Nordic wildfish

Dagleg leiar i Nordic wildfish, Tore Roaldsnes, hadde eit engasjerande innlegg under Verftskonferansen i Ålesund tirsdag. Foto: Edmund Mongstad.

Klare til å kontrahere

– Vi har vald å ta teknologien i bruk i fullt monn, og står klare til å kontrahere det første fartøyet og pilotprosjektet, men dette er eit konsept vi vil at flest mogleg skal kunne ta del i, seier Tore Roaldsnes.

Ut over eigenfinansiering av prosjektet vert det mellom anna søkt støtte ifrå Nox-fondet og risikoavlasting ifrå Innovasjon Norge. Med føresetnad om finansiering er det planlagt å kontrahere ei rekke nye båtar, med mål om fullskala operasjon og verifisering av det første demonstrasjonsanlegget i løpet av 2018. Nordic wilfish tek sikte på å realisere denne fartøyrekka som eit industrielt samarbeid med ei verftsgruppering.

12244551_1117338468294873_5418619517198505781_o

Grundig analysearbeid og tankforsøk er gjort for optimalisere dei store og lett belasta propellane med lågt turtall.

Verdsleiande miljøteknologi

– Vi har lukkast med å utvikle verdsleiande miljøteknologi. Med EcoFiveä kan trålarflåten hente meir ut av dei berekraftige marine ressursane, produsere høgverdige produkt i fangstleddet, og oppnå betydelege reduksjonar i forbruk av drivstoff, og tilsvarande reduksjon av miljøskadelege utslepp per kilo fisk fanga.

– Vi har satt oss som mål å utnytte 100 prosent av ressursane vi rår om. Å utvikle eit miljøvennleg og energieffektivt trålardesign er eitt av fleire nødvendig steg på vegen mot ein fullskala prototype av EcoFiveä der fleire nyskapande løysingar er med for å nå dette målet, seier Roaldsnes.

Fleire moglegheiter i villfisk

EcoFiveä inneheld ei rekkje innovasjonsprosjekt reiarlaget har jobba med dei siste åra. Mellom anna har Nordic wildfish bygd om frysetrålaren ”Molnes” frå ein tradisjonell trålar til ei produksjonsplattform for differensierte kvalitetsprodukt.

Der førast fangsten levande til bedøvings- og bløggeliner som igjen leverar utblødd fisk til optimaliserte slakteliner for vidare tilverking, og der alt restråstoff tilverkast om bord i fersk tilstand ved å hente ut heilt nye og høgverdige produkt gjennom hydrolyse. I tillegg til auka utnytting av restråstoff og nye produkt som kosttilskot, gjer hydrolyse det enklare å hauste av bestandar som er lågare i den marine næringskjeda.

– Vi haustar i dag bare øvst oppe i næringskjeda. Nye undersøkingar viser at det finst enorme globale marine ressursar som vi kan hauste av på ein berekraftig måte. Vi har tatt i bruk teknologien som gjer det mogleg, seier Tore Roaldsnes.

Nyskaping på nyskaping

I eit anna utviklingsprosjekt om bord i frysetrålaren ”Roaldnes” har reiarlaget samarbeidd med Kuldeteknisk om utviklinga av ein fryseteknologi der CO2 er nytta som kuldemedium. Dette gir auka frysekapasitet og betre produktkvalitet som følge av raskare innfrysing. Miljøgevinstar, forbetra driftsøkonomi, og auka sikkerhet for mannskapet om bord har også vore viktige mål i prosjektet.

Nordic wildfish bekreftar at forventningane er meir enn innfridd. Fryseteknologien har også redusert drivstofforbruket knytt til prosessering om bord med ti prosent.

Effektivt skipsdesign

Nordic wildfish har, med finansiering frå Forskningsrådet, samarbeidd med skipsdesignaren Seacon, Finnøy Gear & Propeller og NTNU, og utvikla eit banebrytande skipsdesign trålarar som høyrer inn under konseptet EcoFiveä.

Utviklingsmålet for EcoFiveä-skipsdesignet har vore å oppnå 20 til 30 prosent lågare energiforbruk ved at skrog og propellsystem optimaliserast for tråling i låg fart (tauekondisjon), lågare utslepp av miljøskadelege gassar, og 30 til 40 prosent lågare energikostnad.

Samarbeidspartnerane har gjennom analyse- og tankforsøk fått verifisert 30 prosent lågare energiforbruk under tråling enn tradisjonelle design, og at det også er mogleg å ta i bruk flytande naturgass (LNG – Liquid Natural Gas) som drivstoff i staden for diesel. LNG-drift bidreg til 30 til 40 prosent lågare energikostnad, samt store reduksjonar av CO2-utslepp.

– Uavhengig av drivstofftype, kan ein redusere utslipp opp mot 400.000 tonn CO2-ekvivalentar om heile fiskeflåten tar i bruk design og teknologi frå prosjektet, seier Roaldsnes.

Ikkje skapt for fart

Tradisjonelt optimaliserast skrog for å ha gode eigenskapar i transitthastigheit. For ein trålar er det likevel eigenskapane ved tråling som er viktigast, og då ikkje berre ved gange rett fram, men og ved styring og manøvrering. For å oppnå god brennstofføkonomi og gode framdriftseigenskapar er skroget gitt låg motstand og gunstige arbeidsforhold for propellane.

Nikolas Øksdal Svoren, som skreiv om prosjektet i si masteroppgåve ved NTNU (2015), seier at EcoFiveä-skrogdesignen kan sjå ut til å produsere eit betre innstrømmingsfelt til propellane, og eit betre medstrømsfelt i propellplanet samanlikna med referansefartøyet Mtr ”Roaldnes”.

– Resultata indikerer også at det vil kunne produsere ein lågare reduksjon av thrust enn referanseskroget. Den nye skrogdesignen ser også ut til å produsere mindre skrogmotstand i fullskala, både ved tråling og transitt, seier Nikolas Øksdal Svoren.

Store saktegåande propellar

Grundig analysearbeid og tankforsøk er også gjort for optimalisere dei store og lett belasta propellane med lågt turtall. Det har sikra gode eigenskaper med tanke på verknadsgrad, støy, vibrasjonar og alternative dyseprofilar.

Under tanktesting ved Stadt Towing Tank i november 2015 vart det gjort måling på EcoFiveä-modellen opp mot referansefartyet Mtr ”Roaldnes”. Ved propellanes mest effektive dreieretning vart det målt bollard pull og tauekraft i 2,5 – 4 knop på modellane, både som vaiertrekk og ved horisontaltrekk.

Bollard pull ble målt til 19-20 kg/hk på EcoFiveä, mot 12-14 kg/hk på referansedesignen, altså ei forbetring på 30 prosent. Ved tilført 1500 kW effekt ble totalt bollard pull målt til 39,1 tonn, mot tradisjonelt design 29 tonn (+ 34 %).

Tauekrafta ved 4 knop (tråling) viser at ved å tilføre to store saktegåande propellar 600 kW, oppnår ein den same propelleffekt som å tilføre et tradisjonelt propelldesign 970 kW (+ 35 %). Måleresultata frå frifartstestar avkreftar også at store saktegåande propellar i rordyser tentativt skulle medføre eit uforholdsmessig høgt energiforbruk ved segling i 10 knop.

– Dette er oppsiktsvekkande. Forklaringa ligg i at lågare energiforbruk (høg pull) langt på veg oppveg den økte motstanda som prosjektdesignen har i høgare hastighet, avsluttar Tore Roaldsnes.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.