DEL

Den batteridrivne ferja MF “Hisarøy” vart i går slepa frå kai ved Solund Verfts AS. Ferja skal deretter koplast opp i kabelstrekk strekninga Mjåneset – Hisarøy i Gulen kommune. Dette er den første batteridrevne ferga i Norge.


( 23.08.2013 )

[raw]

Reiarlaget er Wergeland AS som og driv kabelferja FJON-M i riksvegsambandet Duesundøy – Masfjordnes. Fjon-M var og bygd ved Solund Verft som, verftets bygg nr.8. Nybygget er konstruert av Solund Verft AS i samarbeid med reiarlaget Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik. Ferja skal døypast 23 august ved ferjekai Hisarøy
Drift av framdriftssystemet er med batteri som kraftkjelde, som drift av el- hydraulisk vinsjar. Batteripakken er levert av det Kanadiske firmaet Electrovaya/ Miljøbil Grenland AS. Hisarøy-ferja vert såleis den første batteridrivne ferja i landet. Bygging av heile ferja inkludert skrog og komplett utrustning har vorte  utført ved Solund Verft AS.

 
Elektroprosjektering og installasjon er utført av HAFS Elektro & Rør AS. Kabeldrift av ferja levert av det Svenske firmaet Lidan Marine AB, og er utført etter same prinsipp som FJON-M med to ståltau strekt over sundet og ein vinsj på kvar side av fartøyet

 

Hovuddata for fartøyet  er:
LOA    35,0  m
Bredde 8,6  m
Ferja har sertifikat for 49 passasjerar og kan laste seks personbilar eller eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt 32 tonn. Akseltrykk 10 tonn.

 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.